SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kommunehistorikken i Høyanger:

Kommunepolitikk og interessekamp

(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
(Foto: Heidi Lise Bakke, NRK)
Fram til 1922 var det politiske landskapet i Kyrkjebø kommune prega av partiet Venstre og bondeinteressene.

Publisert 17.10.2001 10:01. Oppdatert 19.01.2004 10:01.

Bønder mot innflyttarplaga

Kommunestyret hadde rådd ifrå at det vart gjeve konsesjon til kraft- og industriutbygging i Høyanger i 1914: Innflytting kunne føre med seg mykje lauslivnad, og dessutan kunne industrien ta frå bøndene den rimelege drengehjelpa når gardsdrengane oppdaga at dei fekk betre betalt på anlegga i Høyanger!
Bondepartiet vart skipa i Noreg i 1920 (frå 1959 Senterpartiet), og ved kommunevalet året etter fekk "Bondepartiets fellesliste" reint fleirtal og både ordførar og varaordførar i Kyrkjebø kommune. Men i 1925 tok arbeidarane i industribyen Høyanger over i kommunalt styre og stell.

Aksjon for eigen by-kommune 1920

Dei sterke motsetningane mellom det gamle bondesamfunnet og den nye industribyen i Høyangsfjorden toppa seg i 1920. Då kravde "Høyanger Skattyterforening" at Høyanger vart fråskild Kyrkjebø som eigen kommune. Ballen vart spela over til ei kommunal nemnd, som støtta framlegget om deling. Dei økonomiske nedgangstidene som sette inn like etter 1920 skapte krise for aluminiumsverket. Utan ei levedyktig hjørnesteinsbedrift var det uaktuelt å skipe eigen kommune for den nye industristaden. Men konflikten og spenningane levde vidare.

Bøndene krev kommunedeling 1923

I 1923 kom ein ny aksjon for kommunedeling - men denne gongen frå "den andre sida" - Bondelaget. Dei ottast at Arbeiderpartiet skulle ta makta i kommunepolitikken (sjå ovanfor) i Kyrkjebø. Ei ny kommunal nemnd vurderte framlegget, og konkluderte med at kommunedeling var uaktuelt.

Nytt krav om deling

Bondelaget freistar på nytt å få delt kommunen i 1929, utan resultat. Frå begge sider var det såleis i lang tid spenningar mellom det gamle bondedominerte samfunnet som ynkste å skilje lag med dei radikale innflyttarane i Høyanger, og industribygda Høyanger som helst ville bruke skatteinntektene på seg sjølve og sleppe den kostbare drifta ute i småbygdene på begge sider av fjorden. Denne spenninga mellom tettstad og utkant har vore levande heilt til våre dagar, ikkje minst
i skulesentraliseringssaker.

Kommunistasne med liste

Det Norske Arbeiderparti vart skipa i 1887. Det lokale partilaget i Høyanger vart skipa i 1918. I 1923 vart den norske arbeidar-rørsla splitta. Kommunistane i Høyanger braut ut av Arbeiderpartiet og skipa eige parti, med eiga ungdomsgruppe og avis, "Fritt Folk" (sjå Aviser og media i Høyanger.)
I Kyrkjebø kommune stilte både Arbeiderpartiet og kommunistane liste i 1925, dei siste under nemninga "Arbeidar- og småbrukarliste". Sosialistane og bøndene fekk inn kvar sine tolv. Ordførarvalet vart avgjort ved loddtrekking, som fall ned på Arbeiderpartimannen August Gunnarskog. Sidan har venstresida med Arbeiderpartiet i spissen hatt den politiske makta i Kyrkjebø, seinare Høyanger kommune.

Sosialistar mot kommunistar

Som i landet elles, var det hard kamp om makta mellom Arbeiderpartifolk og Kommunistane både i politikk og fagforeningar. I 1937 kom det likevel til forsoning i Høyanger, då fagforeninga greidde å få dei to partia til å stille fellesliste ved kommunevalet. Det same hende i 1945, men i 1947 loga den gamle striden opp att, inntil det lokale kommunistpartiet tapte oppslutning, og tidlegare sympatisørar gjekk til Sosialistisk Venstreparti i 1973.

Hovedside:
· Kommunehistoria i Høyanger


MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no