SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Skular i Fjaler

Dei første skulane i Fjaler

Den første skuleordninga (skulefundasen) vart innført i 1747.

Publisert 17.10.2001 15:57. Oppdatert 18.09.2002 12:13.

Nikka Vonens jenteskule

Nikka Vonen starta i 1869 sin eigen pensjonatskule for jenter i Dale saman med enkefru Laura de Ferry Nitter (f. 1843).

Bondehøgskulen i Dale

1871 starta den unge idealisten Jens Rolvsson frå Bergen ein folkehøgskule for "vaksne bondegutar" i Dale.

Marie Landmarks husmorskule

Frå 1883 til 1893 dreiv systrene Marie Landmark og Barbara Landmark ein husmorskule på garden Leitet på Tysse. Skulen heldt til i bustadhuset til faren, som var distriktslege Lars Stub Heiberg Landmark. Skulen hadde 8-10 elevar i kvart kull. På same vis som ved Nikka Vonens jenteskule, kom elevane ved Landmarks husmorskule frå heile landet. Dei budde i eit internatbygg like ved hovudhuset.

Falchs Pensjonat- og Middelskole

I 1889 starta prestedottera i Fjaler, Willa Falch ein pensjonatskule for gutar, frå 1908 pensjonatskule både for gutar og jenter, og frå 1918 vart skulen driven som middelskule fram til 1940.

Sunnfjord Gymnas

I 1944 starta brørne Oddleif, Sverre og Magne Fagerheim Sunnfjord Gymnas i Dale, og dreiv det i sju år.

Vevang

I 1950 tok Falchs pensjonat- og realskole i bruk nytt skule- og internatbygg i Dale sentrum - Vevang.

Fjaler ungdomsskule. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Over til ungdomsskule i Dale

Undervisning for elevar frå Afghanistan ved Fjaler ungdomsskule. (Foto: Steinar Lote, NRK)
Fjaler kommune innførte linedelt ungdomsskule i 1960, og var nest etter Stryn den første kommunen i fylket som gjekk over til den nye skuleordninga.

Dale vidaregåande skule

vart starta i 1979 som vidaregåande skule for kommunane i ytre, søre delen av fylket. Det første året var skulen avdeling under Flora vidaregåande skule, men var frå 1980 sjølvstendig. Skulen held til i eige bygg ved Trolleskaret like ved Fjalerhallen og har kring 200 elevar frå HAFS-kommunane (Fjaler, Askvoll, Hyllestad, Solund), samt Gaular og Gulen.

Draumen om ein nordisk folkehøgskule

Skulemannen og Arbeidarparti-poitikaren Oddleif Fagerheim var sterkt oppteken av å styrkje dei kulturelle og politiske banda mellom dei nordiske landa. Straks han vart stortingsmann i 1969, starta han arbeidet med å få skipa ein nordisk folkehøgskule på eigedomen sin på Dalsåsen. I 1973 vart Fjaler kommune trekt inn i arbeidet. Nye lovverk som kom på 1980-talet sette ein bom for skuleprosjektet, og i staden kom Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen i 1998.

United World College - UWC

Internasjonal skule; Red Cross Nordic United World College.

Kommunale skular i Fjaler i 2002:

Dingemoen skule (1.-7. klasse) 141 elevar
Flekke skule (1.-7. klasse) 54 elevar
Guddal skule (1.-7. klasse) 11 elevar
Våge skule (1.-10. klasse) 77 elevar
Hellevik skule (1.-3. klasse) 13 elevar
Fjaler ungdomsskule (8.-10. klasse) 100 elevar

MEIR OM FJALER 
Fjaler kommune

 
Aviser og media i Fjaler
Historia i Fjaler
Industri og næring i Fjaler
Kjende personar i Fjaler
Kommunehistoria i Fjaler
Krigshistoria i Fjaler
Kyrkjer i Fjaler
Samferdsle i Fjaler
Skular i Fjaler
Verd å sjå i Fjaler

 
Video frå Fjaler
Lyd frå Fjaler
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no