SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Høyanger:

Sjur Hansen Vadem

Sjur Hansen Vadem (1820-1898) frå Vadheim. Forretningsmann og hotelleigar. Han skreiv seg for Sjur Hansen, men vart på folkemunne kalla "Sjur i Veim".

Publisert 19.10.2001 09:37. Oppdatert 29.10.2001 11:21.
Frå 1700-talet hadde det vore gjestgjevar med brennevinshandel på garden Vadheim. Gjestgjevaren hadde to døtre. Den eine vart gift med Sjur Hansen Vadem.

Sjur starta først ein liten landhandel på garden Hovland før han bygde eigen butikk på Vadheimsgarden vest i bygda kring 1854. Her hadde han også ølbryggeri. I 1857 bygde han dampskipskai for å ta imot den nye tida med Fylkesbåtane, som starta rutene i 1858. I 1886 bygde Sjur i Veim stort hotell i tre etasjar med 40 senger. Hotellet fekk namnet "Hansens Hotell" (sjå under Overnattingverksemder i Høyanger). Ved sida av hotellet bygde Sjur ein av dei største butikkane i distriktet. Han hadde kundar frå heile Gaular og Viksdalen og langt innover Sognefjorden. Dessutan dreiv han fraktfart med to jakter som han mellom anna reiste til Bergen med for å selgje landbruksvarer som han kjøpte frå bøndene.

Sjur Hansen vart ein rik mann, og åtte fleire gardar i Sunnfjord og Sogn. Ein av sønene til Sjur, Christian, dreiv ei tid handel på den gamle Handelsstaden Værholmen ved Lavik før han overtok landhandelen til faren i Vadheim. Ein annan son, Georg, tok over dampskips-ekspedisjonen. Dottera Hansine overtok saman med ektemannen Andreas Eide hotellet og dreiv det til 1939, då deira son Trygve overtok. No hadde hotellet skifta namn til Vadheim Hotell. Det brann i 1961.

Etter Sjur Hansens død dreiv sonen Christian ei tid butikken, leigde deretter bort, og selde i 1909 til Nils Vattekar.

Sjå også:
· Handel og reiseliv i Vadheim
· Vadheim vert knutepunkt
· Fylkesbaatane si historie i Høyanger


MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no