Skotte starta opp
Det var skotten Edgar Allan Ashcroft som bygde og dreiv fabrikken dei første åra. Han kom første gong til Vadheim som turist i 1900. I 1906 sikra han seg fallrettane i Dyrneslivassdraget saman med dansken J. Jørgensen, som dreiv ein liten shoddyfabrikk ved elva. Alt i 1894 hadde Jørgensen kjøpt fallrettar og bygd eit lite kraftverk for å skaffe lys til fabrikken sin. Nest etter Truls Vassenden i Loen i 1893 (sjå
Kraftforsyninga - frå pionértid til vern), var dette første elektrisitetsproduksjonen i Sogn og Fjordane.
|
Frå produksjonen. Foto: Vadheim Elektrochemiske Fabrikker |
Store planar
Edgar Ashcroft tenkte stort: Han ville byggje eit digert kraftverk og natriumfabrikk. Han knytte til seg den norske elektrokjemikaren Ivar Juel Moltke Hansen, som hadde utdanna seg i Berlin. Han vart teknisk leiar i Vadheim. Ein annan spesialist skulle ta seg av prøvekøyring og opplæring av arbeidararne. Ashcroft satsa først på finansiering i England, men då det slo feil, skaffa han midlar frå investorar i Oslo og Bergen. Desse kom med i det første styret. I 1907 kom fabrikken i gang, og hadde dei første åra 60 tilsette. Det meste av utstyret til kraftverk og natriumfabrikk var norskprodusert.
Dei første åra vart fabrikken leia av ein norsk/engelsk fabrikkstyrar. Han hadde arbeidd m.a. i India, og bygde i 1909 ein murvilla i Vadheim i typisk engelsk "colonial style". Huset er restaurert og teke godt vare på.
Ashcroft budde sjølv i Balestrand, som fram til 1. verdskrig var "sosietetsstaden" framfor nokon i fylket. Han reiste til og frå Vadheim med eigen dampbåt når han var i Sogn for å sjå til fabrikken.
I 1908, eitt år etter at fabrikken starta, organiserte arbeidarane seg i Vadheims Arbeidsmandsforening. Dette er ei av dei eldste fagforeningane i Sogn og Fjordane.
|
Vadheim Elektrochemiske Fabrikker i 1936. Foto: Vadheim el. fabr. |
Store inntekter
Særleg i "jobbetida kring" første verdskrig var Vadheimsfabrikken ein pengemaskin: I 1915 vart det betalt ut 15 prosent og i 1916 heile 20 prosent utbyte til aksjonærane! I 1915 var arbeidsstyrken oppe i 85 personar.
Ugrasmiddel og bleikemiddel
Fram til 1934 produserte Vadheim Electrochemiske Fabrikker natrium. Men marknaden var utstabil, og fabrikken var stengd i lange periodar. I 1934 gjekk ein over til ugrasmiddelet natriumklorat, som også vert brukt som bleikemiddel i treforedlingsindustrien. I 2001 har Vadheim Elektrochemiske Fabriker A/S kring 25 tilsette.
|
Vadheim Elektrochemiske Fabrikker i 2006. Foto: Ottar Starheim |