Fleire småkraftverk
I 1903 bygde
Wald P. Skaaden kraftverk for å drive maskinene i
Indvikens Uldvarefabrik, og frå 1913 til 1917 kom det bygdekraftverk i det fleste bygdene – i alt er det regisrert 40 kraftverk i noverande Stryn kommune fram til 1949.
Kraftverk i Markane
Kring 1. verdskrig skulle kommunane engasjere seg sterkare i kraftverk til alminneleg forsyning. Dette førde i 1920 Stryn kommune og den lokale sparebanken på konkursens rand då kommunen bygde kraftverk i Markane. Grunnen var dyrtida og nedgangstidene som fylgde etter 1. verdskrig. Staten sette kommune og bank under administrasjon, og først i 1937 vart det funne ei løysing med akkord.
|
Dalane kraftverk, ferdig i 1920, var grunnlaget for Stryn Elektrisitetsverk. Foto: Leiv Nordstrand |
Firdakraft
Etter 2. verdskrig tok interkommunale
Firdakraft over kraftleveranse og linenett i Stryn.
Planar om utbygging i Breheimen
I 1966 starta Statskraftverka planlegging av ei enorm kraftutbygging i Breheimen og Jotunheimen:
I Stryn skulle det meste av vatnet førast til kraftverk i Loen gjennom eit stort ”takrenneprosjekt”. Det skulle m.a. leie vatnet i elvane i Oppstryn over til Loen. Store kraftliner kom også til å prege fjordlandskapet.
Fruktdyrkarane frykta frostrøyk og islegging i fjorden. I høgfjellet skulle Raudalen demmast av i eit enormt magasin, og Ottadalsvassdraget og andre vassdrag nedover Gudbrandsdalen heilt til Vinstra skulle regulerast.
I Luster skulle Leirdøla, Jostedøla og Mørkri regulerast. M.a. skulle dei særeigne Fåbergstølsgrandane demmast ned i eit kjempemagasin, og Jostedøla skulle regulerast heilt ned til sjøen.
Gigantplanen stogga
|
Gro Harlem Brundtland stogga planane. |
Hovudideen med planen var å utnytte breane betre til kraftproduksjon i tørkeår. Gigantplanen møtte sterk motstand då han vart lagd fram i 1973 og vart trekt attende. I staden freista Statskraftverka å få mykje av planen gjennomført ved å dele prosjektet opp i mindre bitar. Men fleire av desse del-prosjekta vart stoppa eller sterkt reduserte av dåverande miljøvernminister Gro Harlem Brundtland.
Vern av Strynevassdraget
Leirdøla i Luster vart først bygt ut etter konsesjon frå 1974.
Jostedals-utbygginga vart gjennomført i redusert omfang etter konsesjon i 1984, og full drift frå 1989 .
Men då det i 1984 vart søkt om regulering av Breheimen og Strynevassdraget, vart saka utsett, og det enda med vern av vassdraget i 1993.
"Berg Breheimen"
Aksjons-gruppa ”Berg Breheimen” med folk i Oppstryn i spissen, gjorde mykje for vern av vassdraget.
Fjernvarme i Stryn sentrum
I 2007 vart det bygd fjernvarmeanlegg for Stryn sentrum. Dette var det andre anlegget i sitt slag nest etter Nordfjordeid (sjå Eid kommune), og kosta 23 millionar kroner. Fjernvarmeanlegget er plassert på Tonningleirane og med 3,5 kilometer røyr forsyner det alt første året 20 større offentlege og private bygg på Tonning og Visnes.
Kraftverk i Innvik
I 2007 opna Stryn Energi eit nytt kraftverk på 76 GWh i Innvikvassdraget. Kraftverket kosta 140 millionar kroner.