SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Høyanger:

Forretningsfamilien Øren

Øren i 1916 - like etter at garden vart seld til industrien. (© Hydro)
Øren i 1916 - like etter at garden vart seld til industrien. (© Hydro)
Garden Øren var ved sida av Sæbø ein av dei største gardane i Høyanger. Heile garden vart seld då reisinga av den nye industribyen starta i 1915.

Publisert 19.10.2001 10:41. Oppdatert 02.10.2006 13:41.

Andreas Øren

(1875-1951), som var gardbrukar, hadde drive handel med trelast og jordbruksvarer kringom i Sogn. Han selde garden for 85.000 kroner då industrireisinga tok til i Høyanger.

Per A. Øren

(1900-1951) var eldste sonen til Andreas. Han starta som dampskipsekspeditør i Høyanger i 1925. Han fekk to år seinare leigevognløyve og dreiv varetransport m.a. for meieriet. Frå 1937 har firmaet også selt oljeprodukt, og har seinare utvida med eiga maskinentreprenøravdeling. Per A. Øren var også medskipar av Høyanger Trelastkompani (sjå Industri og næring i Høyanger).

Dagleg leiar Per Andreas Øren (NRK © 2000).

Per A. Øren AS

hadde i 2000 20 vogntog, 40 tilsette og ei omsetning på 40 millionar kroner. Dagleg leiar er Per Andreas Øren. Firmaet kjøpte transportselskapet Steinar Foss AS på Kaupanger i 2006. Foss hadde fire tilsette. Same året kjøpte Øren ein stor aksjepost i eigedomsselskapet Dalsmoen 15 AS på Voss. Dette selskapet er største aksjeeigar i transportselskapet Trans Trading AS som Per A. Øren AS tidlegare har samarbeidd med.

Andreas sine brør Hans, Johan og Anton vart også sentrale menn i utbyggjinga av handel og næringsliv i Høyanger i mellomkrigstida:

Hans Øren

(1877-1930) leigde frå 1900 til 1904 Magnus Kirkebø landhandel på Kyrkjebø. Etter ei tid som gardbrukar på Austlandet kom han tilbake og bygde Øren hotell på Sæbøtangen i Høyanger i 1920. Hotellet hadde 35 senger. På same tomta bygde han også landhandel. Etter at Hans døydde i 1930, dreiv kona Anna hotell og butikk i mange år før døtrene Åslaug og Gunnhild Øren overtok. Butikken vart totalt øydelagt under storflaumen i Høyanger i 1971. Hotelldrifta gjekk på 1970-talet over til Hans Øren, som ei tid også eigde Førde Hotell i Førde. Ørens Hotell vart seinare overteke av Egil Lidal frå Balestrand, som seinare selde til dansken Jens Friis. Hotellet gjekk konkurs i 2002, men vart etter konkursen overteke av Høyanger Trelastkompani AS (sjå under Trevareverksemder i Høyanger).
Øren Hotell


Johan Øren d.e.

(1880-1958) kom etter ei tid i USA tilbake til Høyanger og starta landhanddel i 1916. Han bygde stort forretningshus i sentrum.

Johan Øren

(f. 1924), son til Johan Øren d.e. overtok butikken i 1954 og la om til jernvarer og konfeksjon. I 1988 selde han forretninga til Geir Høyvik. Seinare overtok Høyanger Samvirkelag eigedomen og reiv forretningsgarden i 2000 for å byggje nytt.

Anton Øren

(1890-1969) starta manufakturforretning i Høyanger i 1923.

MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no