|
Eides hotell i 1932. (© Hydro) |
Gjestgiveri på Kyrkjebø
med øl- og brennevinshandel vert opna i 1707 med Anders Olsen som gjestgjevar. I første halvdel av 1800-talet dreiv Arne Ramsli (1815-1905) gjestgiveriet, og starta også landhandel. Sonen Andreas (1847-1885) tok over og bygde ut, og dreiv også bakeri og hadde posten. Forretninga gjekk seinare konkurs.
Hansens Hotell
i Vadheim bygd i 1886. Sjå artikkelen
Sjur i Veim, grunnleggjaren av Vadheim.
Lavik Hotell
vart bygd ca. 1890 av Karl Kvammen. Dottera Marie Hellebø tok over drifta, og hotellet var i hennar slekt fram til 1985. Etter eit par eigarskifte, overtok Per Sverre Kvammen og andre slektningar hotellet i 1995. I 2004 vart hotellet overteke av Trijnie Cupido og Laurens Brock og bytte namn til Lavik Fjord Hotel.
|
Øren hotell. |
Lavik Fjord Hotel har 20 senger. I 2006 overtok dei også drifta av Mosemyra Camping like ved. Campingplassen har 11 hytter.
Ørens hotell
- sjå
Forretningsfamilien Øren
i Høyanger vart bygd i 1916 av Anders C. Eide frå Bygstad.
Trædals Hotell
vart starta i 1921 i Vadheim av Endre Trædal. I 1939 overtok dottera Valborg drifta, og ominnreia hotellet med 25 senger.
|
Trædals Hotell anno 2006. Foto: Ottar Starheim, NRK |
Johs. Hellebø
starta i 1922 pensjonat i Lavik. Hellebø dreiv også møbelsnekkeri.
Ly Kafe og Pensjonat
i Høyanger vart starta i 1925 av Gurid Vangdal. Pensjonatet hadde 13 senger.
Nobel Kafe & Pensjonat
vart starta i 1928 av Martin Midthjell. Pensjonatet hadde 10 gjesterom. Firma Sigurd Sæbøe leigde og dreiv kafeen frå 1958 til 1968, då kafeen vart nedlagd.
Vadheim Fjordstue Hotell
vart bygd i 1979 av Børge Leif Forthun og ektemaken Marie Kvammen. Hotellet har 28 senger og restaurant- og selskapslokale for 200 gjester.
|
Vadheim Fjordstue Hotell. Foto:Ottar Starheim, NRK |
Lavik Fjord Hotell
Sjå Lavik Hotell.
Høyanger Hotell Eides
- sjå
Eides Hotell .