Var seglskutereiar i Kragerø, og britisk konsul. Selde flåten då skipsfarten gjekk over til dampskip og satsa formuen i fossekjøp.
Kjøpte i 1905-1906 fallrettane for vassdrag kring Høyanger og søkte i 1913 konsesjon på byggjing av eit stort stålverk i bygda. Utbrotet av 1. verdskrig skipla planane, og Larsen måtte selje seg ut av Høyanger og overlate fallrettane til selskapet som i 1916 starta byggjing av aluminiumsverket.
Konsul Larsen hadde også kjøpt fallrettane til Fortunselva i Luster, og i 1917 starta han eit lite elektrostålverk i Fortun. Stålverket vart drive på ein svensk patent og med svenske arbeidarar, men vart lagt ned etter kort tid.
Larsen kjøpte også nokre fallrettar på Høyanger sørside. I Årdal kjøpte han store fallrettar langs vassdraget Utla frå Øvre Årdal og mot Vetti, og seinare overdrog
Ragnvald Blakstad fallrettane til Nysetvassdraget ved Naddvik til Larsen.
I 1910 vart selskapet A/S Nyset skipa, og frå dette selskapet kjøpte ÅSV fallrettane til Nyset-Steggje i 1975. Krafta der vart utbygd i 1986 og kraftanlegga selde til Akerhus og Østfold fylkeskraftverk i 1988.