Ei av døtrene til den avsette futen
Simen Hansen vart i 1812 gift med kaptein
Ole Elias Holck. Han hadde vakse opp som offisersson i bygda Leirvik nokre mil lengre vest.
I 1814 vart Ole Elias Holck ein av dei fremste mennene under riksforsamlinga på Eidsvoll. Etter framlegg frå Holck slår paragraf 1 i Grunnlova fast at Noreg skal vere "et fritt, udeleligt og selvstengig Rige". Sjølv ikkje den amerikanske grunnlova som var førebiletet for den norske, var kravet om sjølvstende og fridom formulert så klårt.
Holck var stortingsmann i fleire periodar. Like ved gardstunet i Alværa vart det i 1914 reist minnestøtte over Eidsvollsmannen. Han ligg gravlagd ved Lavikskyrkja.
Embetsmennene i Alværa åtte også kyrkja i Lavik. Den vart skøytt over til bygdefolket i 1857.
I 1889 vart Alværa gard seld til Bjørn Eriksen Fjærestad frå Balestrand.