SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kjende personar i Høyanger:

Sigurd Kloumann

Sigurd Kloumann (1879-1954) f. i Vadsø, busett i Oslo. Ingeniør og ein av dei største industrileiarane i Noreg tidleg på 1900-talet. Han vert rekna som industrisamfunnet Høyanger sin grunnleggjar.

Publisert 24.10.2001 09:58. Oppdatert 31.01.2006 14:25.
Adm. direktør i NACO 1915-1946, då han vart avløyst av Johan Mürer (Mürer sat også i styret for Nordag under krigen (sjå Historia i Årdal).

Kloumann planla og leia utbyggjinga av dei store kraftverka Kykkelsrud i 1902 og Vamma 1903. Var i 1903 med på utprøvinga av Birkeland og Eydes flammeomn, og vart i 1904 leiar for utbyggjinga av ein kvelstoffabrikk på Notodden og byggjing av Svelgfoss kraftverk, som til då var det største i Europa. Kloumann deltok i skipinga av Norsk Hydro i 1905. Han planla og leia i desse åra utbyggjing av kraftanlegg og fabrikkar på Rjukan, reguleringa av Møsvatn og utbyggjing i Tyssefalla i Hardanger.

I 1911 skipa han A/S Saudefaldene og leia utbyggjinga av kraftverka i Sauda. I 1915 skipa han A/S Høyangsfaldene, Norsk Aluminium CO - NACO, og leia utbyggjinga av kraftanlegg, aluminiumsfabrikk og industribyen Høyanger.

I 1923 vart selskapet omorgansiert i to selskap: Det eine for kraftproduksjon (norskeigde Høyangsfaldene) og det andre for aluminiumsproduksjon (med amerikanske Alcoa som 50 pst. eigar). Kloumann fekk bygd eigen aluminiumsoksydfabrikk i Høyanger i 1928.

I juli 1940 – kort tid etter den tyske invasjonen i Noreg - tok Kloumann kontakt med sjefen for den tyske flyprodusenten Junkers, Heinrich Koppenberg, og tilbaud seg å utarbeide ein plan for opprusting av norsk aluminiumsindustri. Kloumanns detaljerte kartleggjing av råstoffressursar, kraftressursar og kostnadsoverslag danna grunnlaget for ”Koppenberg-planen”, som m.a. satsa på aluminiumsråstoff frå anortosittstein henta frå gruver i Kinsedal ved Lustrafjorden (sjå Anortositten i Kinsedal), og på skiping av Nordag, selskapet som starta utbygging av eit stort aluminiumverk i Årdal, basert på kraft frå Tyinfalla.

Sigurd Kloumann var styremedlem i NACO til 1946, då han slutta som adm. direktør.

I 1917 skipa Sigurd Kloumann A/S Nordisk Aluminiumsindustri i Holmestrand m.a. for produksjon av kokekar. Kloumann vart i 1933 også direktør for A/S Dansk Aluminium Industri og i 1934 for A/B Svenska Aluminiumskompaniet.

Sigurd Kloumann vart medskipar av Norske private Kraftverkers Forening i 1918 og første formann, og styremedlem i Norsk Arbeidsgiverforening.

Gav ei boksamling på 500 bind til Folkets Hus i Høyanger. På 50-årsdagen hans i 1929 vart det avduka ein byste av Kloumann på torget i Høyanger. Han har også fått oppkalla Kloumanns allé etter seg. Riddar av St. Olavs Orden.

Sjå også:
· Industribyen Høyanger

· Norsk Aluminium CO - NACO

MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no