|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Høyanger: Hydro Aluminium tek over i Høyanger | Aluminiumen ved Hydro Aluminium Høyanger Metallverk blir støypt og skipa ut i store blokker. |
Etter hemmelege forhandlingar leia av industriminister Jan P. Syse, Høgre, vart ÅSV slege saman med Norsk Hydro (no ) i 1986. Aluminiumsproduksjonen er seinare skild ut som eigen divisjon under namnet Hydro Aluminium, og under denne sorterer Høyanger Metallverk. Publisert 25.10.2001 10:33. Oppdatert 28.02.2006 11:46.Men i motsetnad til situasjonen kring kraftforsyninga til Årdal Metallverk, der Hydro Energi forvaltar konsernet sin kraftproduksjon i Årdal og Fortun, så er det Statkraft som eig og driv kraftverka kring Høyanger.
I samband med at Staten skulle overta dei eldste kraftverka ved såkalla "heimfall" vart det funne ei pakkeløysing der også nyare kraftverk som Gautsingsdalen og Eriksdalen vart overtekne av Statkraft. (Sjå også Historia i Årdal).
Uviss framtid | Tilføring av oksyd i ein av smelteomnane. |
I 1999 vart vedlikehald overlate til selskapet Kværner Oil and Gas. Dei sysselset 135 personar. I produksjonen elles arbeider kring 300 personar.
Kring tusenårsskiftet gjekk Høyanger-samfunnet inn i ei tid med uvisse om kva som kom til å skje med verket i framtida: I fleire år heldt Hydro døra på gløtt for modernisering og utbygging i Høyanger. Men det viste seg etter kvart at Hydro-leiinga heller satsa på bygging av metallverk i utlandet i staden for å satse på metallverka sine i Sogn. I 2006 vart dei siste 60 av dei i alt 148 Søderberg-omnane i C-hallen slegne av og fabrikkhallen riven, utan lovnad om at nye smelteomnar skal kome i staden.
For å stimulere til nyskaping og etablering av nye verksemder i Høyanger, har industrikonsernet skipa utviklingsselskapet Hydro Vekst.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|