|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Høyanger: Distriktslegen i HøyangerFrå 1802 til 1840 var det berre to distriktslegar i Sogn og Fjordane: Publisert 25.10.2001 11:23. Oppdatert 31.10.2001 11:34.Ein for Fjordane med bustad på Faleide (sjå Helsestell i Stryn) og ein for Sogn med bustad i Aurland. Frå 1840 vart fylket delt i fire distrikt med ytre Sogn som eige distrikt. Distriktslegen budde i Eivindvik i Gulen, og skulle dekkje sognekommunane heilt innover til Vik. I 1858 vart det store distriktet delt, og distriktslegen som hadde teneste i dei vestlegaste kommunane fekk bustad i Leirvik.
I 1882 freista kommunane Lavik, Kyrkjebø og Indre Holmedal (Gaular) å få eigen lege med kontor i Vadheim, men først i 1892 vart Ytre Sogns legedistrikt delt, og Lavik og Kyrkjebø vart eige legedistrikt. I 1893 vart dokterbustaden i Vadheim bygd. Dette huset, eit gult hus i typisk sveitserstil, står framleis like ved riksvegkrysset i bygda. Frå 1898 fekk legen faste kontordagar i Ortnevik på sørsida. Frå 1910 i Bjordal, og 1913 på Nordeide.
Distriktslegen vart flytta frå Vadheim til Høyanger i 1958. Då A/S Høyangsfalla og Norsk Aluminim Company (NACO) starta utbyggjing av verket i 1916, heldt dei eigen lege og jordmor.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|