Tuberkulosen var den store folkepesten på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Ei eiga tuberkuloselov frå 1900 la grunnlaget for ein storoffensiv mot tuberkulosen. Over heile landet vart det på få år bygd tuberkulosesanatorium.
På kort tid vart det bygd seks sanatorium i Sogn og Fjordane med kapasitet til å ta imot 230 pasientar.
Det første sanatoriet i Sogn og Fjordane vart bygd i Luster i 1902. Då bygde St. Jørgen stiftelse i Bergen eit av dei største tuberkulosesanatoria i landet på Harastølen, Lyster Sanatorium med 150 senger.
Harastølen tok imot pasientar frå heile Vestlandet.
Brennevinsfond til tuberkulosekrigen
Frå 1904 la det såkalla "brennevinsfondet" (avgifter på sal av brennevin) grunnlaget for ei meir lokal satsing: I 1910 vart eit eldre skulehus i Lærdal ombygd til sanatorium med 18 pasientar (dette vart seinare Lærdal sjukehus). I 1913 fekk Sunnfjord sin eigen anstalt i Askvoll med 14 senger, og i 1916 opna "Helseheimen" i Lavik med 20 senger. I Nordfjord starta helselaget i Måløy eigen tuberkuloseheim med 12 senger, og i 1921 kom sanatoriet
Gloppen tuberkuloseheim på Sandane i drift (noverande Gloppen sjukeheim) med 20 senger.
Då kampen mot tuberkulosen var vunnen, vart tuberkuloseheimen i Lavik omskipa til aldersheim, seinare sjukeheim.