Kapellet er truleg bygd på dugnad av bygdefolket og har eit enkelt interiør. Altarlysestakane er frå 1700-talet. Altartavle og preikestol er frå byggjeåret. Altartavla er truleg måla av den kjende dekorasjonsmålaren
Kristen Kjelstad. Kyrkja er utstyrt med låge benkar langs midtgangen som folk må stige over for å kome inn i kyrkjebenkane. På dei låge benkane måtte småkårsfolket sitje.
|
Hestadkyrkja innvendig ein gong på første halvdel av 1900-talet. (Foto © Fylkesarkivet) |
Ute på kyrkjebakken står ei steinsøyle som ein trur kan ha vore feste for gapestokken i bygda. Ein døypefont frå mellomalderen er flytta til Bergen Muséum, og ein messehakel frå 1700-talet er deponert på Sogn Folkemuséum.
|
Portalen i steinmuren kring kyrkja. |
Gamal kyrkjestad
Ein reknar med at Hestad er ein av dei eldste kyrkjestadane i fylket, og at den første kyrkja der vart bygd seint på 1000-talet. Ei stavkyrkje stod på Hestad frå 1327 til 1805, då den vart avløyst av noverande kapell. I kapellet er det ein del tømmer frå den gamle stavkyrkja.
|
Bakdøra inn til kapellet. |
Høyanger og Vadheim sokna til Hestad
I gamal tid sokna folk i Høyanger og Vadheim til kyrkja på Hestad. Dei gjekk den lange vegen over fjellet. Tidleg på 1800-talet drukna eit heilt brurefylgje frå Markeset ved Vadheim på Viksdalsvatnet då dei var på veg til Hestad-kyrkja.
Kapellet på hestad er idag eigd av Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordane, og det er opa for omvising om sommaren.
Eit område på 35 dekar av det karakteriske landskapet kring kapellet vart verna i 1971.
|
Kapellet ligg på neset mellom Hestadsfjorden og Viksdalvatnet. |