SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Høyanger:

Gestapo-aksjonar i Høyanger


Publisert 26.10.2001 13:04. Oppdatert 20.11.2001 12:40.
NS-ordførar Johan Arntzen og andre NS-folk spela ein aktiv rolle då den første arrestasjonen i Høyanger kom i januar 1942. Blikkenslagar Karl Hansen og sonen Magne vart arresterte. Dei hadde illegal radio under golvet i verkstaden, og veggane var fulle av ulovlege våpen. Våpena fann ikkje Gestapo, men far og son vart arresterte og sende til Tyskland, der Karl døydde i 1943.

Aksjonen mot Hålandsgardane i 1944 skulle koste den 20 år gamle kontordama Svanhild Haaland livet. Ho hadde vore litt for "kvass" i omgangen med nokre NS-kvinner i Høyanger, som hadde klaga til Gestapo-venene sine. Dessutan var det mistanke om ulovleg radiolytting på Hålandsgardane. Gestapo kom på rassia, og fann m.a. eindel smedeviser som Svanhild Haaland hadde skrive om fienden. Ho vart arrestert, og via forhøyr i Bergen bar det til Grini og vidare til konsentrasjonleirar i Tyskland. Under samanbrotet til Det tredje riket vinteren og våren 1945 vart KZ-fangar flytta vestover under kaotiske forhold. Det var under denne transporten at Haaland døydde den 15. april 1945.

Neste side:
· Milorg i Sogn og Fjordane
Førre side:
· Klötzer vert sjef
Hovedside:
· Gestapo i Sogn og Fjordane


MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no