|
Hans H. H. Heiberg. Foto: Sviggum |
Hans H. H. Heiberg (1904-2001) frå Amla. Godseigar, professor, motstandsmann under 2. verdskrig og Høgre-politikar.
Eksamen som forstmann frå Norges Landbrukshøgskole 1927.
Overtek Øvre Amla
Arbeidde som forskar ved NLH til 1938, då han tok over den store jord- og skogeigedomen på Øvre Amla etter faren, den kjende museumsbyggjaren Gert Falch Heiberg (sjå:
Heibergane kjem til Amla). I denne tida dreiv han m.a. ein tjørefabrikk på garden.
På slutten av krigen vart Heiberg oppnemnd som distriktssjef for Milorg i Sogn. Under opprulling av organisasjonen vinteren 1945 greidde Heiberg å røme, og låg i dekning til freden i mai 1945.
I 1946 vart han ordførar i Sogndal, men vart same året utnemnd til professor i skogskjøtsel ved Norges Landbrukshøgskole. Denne stillinga hadde han til 1954, då han vende tilbake som brukar på Øvre Amla.
Museumsarbeid
Som forfedrene var H. H. H. Heiberg sterkt oppteken av
De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, som hadde tilhald ved gardstunet i Øvre Amla før ein starta flyttinga til Kaupangerskogen på 1980-talet. Han var formann i Sogn Historielag og i museumsstyret frå 1944 til 1976.
Tillitsverv
Innan norsk skogbruk hadde Heiberg ei mengd tillitsverv, m.a. leiar i Skogbruksforeningen av 1950 - seinare Norskog. På 1950- og 1960-talet sat han i fleire periodar i Sogndal kommunestyre.
Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.