SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Krigshistoria i Sogn og Fjordane:

Bjørn West

På slutten av 2. verdskrig var det særleg stor pågang av unge menn som ville delta i den siste motstandskampen mot nazistane. For å organisere desse "gutta på skauen" og gje dei opplæring, vart det skipa fleire militærbasar i fjellheimen.

Publisert 26.10.2001 15:22. Oppdatert 04.04.2002 11:55.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
To av basane låg på Vestlandet: Bjørn Øst ved Voss, og Bjørn West i Matrefjella og Stølsheimen mot Bjordal.

Leiar for Bjørn West var kaptein Harald Risnes frå Hyllestad. Den kjende "tungvanns-sabotøren" Fredrik Kayser (sjå også Krigshistoria i Bremanger) var nestleiar. På vårparten 1945 talde Bjørn West 234 mann. Troppene var innkvarterte på stølar og fjellhytter i Stølsheimen, og fekk våpen og forsyningar droppa frå fly og med "Shetlandsbussar" i Nordhordlands-fjordane.

I april 1945 vart basen oppdaga, og tyskarane gjekk til åtak. Fleire hundre tyske soldatar kringsette Bjørn West. Frå Sognesida gjekk dei opp frå Brekke og frå Førde ved Bjordal. Her som elles brende dei stølshus under framrykkinga. Kampane starta 28. april, og vara heilt til freden vart kunngjort 8. mai 1945. Frå Bjørn West fall 6 soldatar, medan dei tyske tapa var 117 soldatar.

Sjå også:
Gestapo i Sogn og Fjordane


KRIGSHISTORIE 
Krigshistoria i Askvoll
Krigshistoria i Aurland
Krigshistoria i Balestrand
Krigshistoria i Bremanger
Krigshistoria i Eid
Krigshistoria i Fjaler
Krigshistoria i Flora
Krigshistoria i Førde
Krigshistoria i Gaular
Krigshistoria i Gloppen
Krigshistoria i Gulen
Krigshistoria i Hornindal
Krigshistoria i Hyllestad
Krigshistoria i Høyanger
Krigshistoria i Jølster
Krigshistoria i Leikanger
Krigshistoria i Luster
Krigshistoria i Lærdal
Krigshistoria i Naustdal
Krigshistoria i Selje
Krigshistoria i Sogndal
Krigshistoria i Solund
Krigshistoria i Stryn
Krigshistoria i Vik
Krigshistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no