prost Niels Normann 1821 fekk i gang det første folkebiblioteket i Leikanger prestegjeld, som Balestrand då tilhøyrde.
Etter kampvotering mellom Holmen og Tjugum, valde kommunestyret Tjugum som stad for den første fastskulen.
I 1907 vedtok skulestyret å innføre nynorsk som undervisningsmål.
Lærarkursa (seminara) i Balestrand varde 1 1/2 år. Forutan undervisning i rekning og skriving, religion, historie, geografi og song, var det også lagt inn undervisning i kroppsøving og handarbeid.
I åra mellom 1881 og 1885 dreiv Barbra og Lorentze Landmark ein "hushaldningsskule" i Balestrand.
Skipa i 1925, med Oddmund Bøyum (1893-1948) frå Fjærland som styrar. Det hadde vore drive framhaldsskule i kommunen sidan hundreårsskiftet.
Etter at det i mange år hadde vorte arbeidd for å få skipa ein kristeleg ungdomsskule i Sogn, kjøpte skulenemnda den gamle Futegarden Askelund i Balestrand i 1935.
Ufredstid og problem med å reise gjorde at det under 2. verdskrig vart starta gymnasundervisning i fleire bygder i fylket, m.a. i Balestrand frå 1942.
I 1968 godtok departementet at Balestrand fekk eigen ungdomsskule.
Ny skule på Nessane
Nessane fekk ny skule i 1969. I 2001 vart skulen utvida m.a. med kombinert gymnastikksal og grendahus, og ei miniatyrskytebane.
Fjordtun oppvekstsenter
(skule og barnehage) på Torsnes vart bygd i 1971. Samstundes vart barneskulane i Farnes og på Meland i Vetlefjorden lagde ned. Eigedomen i Vetlefjorden vart overdregen til Vetlefjorden Idrettslag, og her bygde også Sogn og Fjordane Energiverk grendahus for bygda i samband med kraftutbygginga i Vetlefjorden på 1980-talet. SFE bygde også lysløype.
Granlia var distriktsheim for 40 utviklingshemma frå heile fylket.
Starta av Norsk Luthersk Misjonssamband i 1981 og har kring 190 elevar frå heile landet.
Kringsjå Leirskule
I 1980 starta ekteparet Bjørn Skanke Sande og Solveig Berstad Sande leirskule i Kringsjå Hotell (sjå
Villa Kringsjå). Samstundes kjøpte dei ei Colin Archer-skøyte til leirskulen og driv m.a. undervisning om livet i Sognefjorden. Dette la grunnlaget for at dei i 1994 bygde Sognefjord Akvarium i Balestrand sentrum, der det også er bygd stor bryggje ikring. Akvariet har 23 kummar med kring 50-60 fiskeartar frå Sognefjorden.
|
Skulen i Vetlefjorden. (Foto: Asle Veien, NRK) |
Kommunale grunnskular i 2002:
Sagatun skule, Balestrand (1.-10. klasser) 196 elevar
Fjordtun Oppvekstsenter, Torsnes (1.-7. klasse) 15 elevar
Nesse skule (1.-7. klasse) 23 elevar
|
Sagatun skule - nyeskulen. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK) |