|
Tre av Slettemark sine verk utstilt på Eikaasgalleriet i Jølster. |
Kjartan Slettemark vart landskjend då det i 1965 vart hengt opp eit protestbilete av han mot Vietnamkrigen framfor Stortinget. Knapt noko kunstverk har skapt slike reaksjonar her i landet: Folk knuste monteren og skada biletet fleire gonger.
Busett i Sverige
Slettemark har sidan 1959 vore busett i Sverige, der han har arbeidd m.a. med performance-kunst sidan. Han har også laga materialbilete av søppel.
Kjend internasjonalt
|
Kjartan Slettemark i 2002. (Foto: Th. Grimstad, NRK) |
Han er truleg den mest internasjonalt kjende kunstnaren frå Sogn og Fjordane. Er m.a. innkjøpt av Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst og ei rad sentrale museum i inn- og utland. I Sunnfjord har Kjartan Slettemark m.a. vore gjestekunstnar under Førdeveka, har hatt separatutstilling i Sogn og Fjordane kunstnarsenter, i heimbygda Naustdal, og i 2001 felles utstilling med Ludvig
|
70-års dagen i Instedalen i 2002. (Foto: Th. Grimstad, NRK) |
Eikaas og Oddvar Torsheim på Eikaas-museet i Jølster.
I heimekommunen prydar verket ”Altertavle” foajeen i Naustdal kommunehus.
Prisar
Kjartan Slettemark fekk i 2001 Norsk Kulturråds Ærespris. Den svenske Staten heidra i 2002 Slettemark ved å gje han kunstnarløn. På 70-årsdagen fekk han Naustdalsprisen 2002.
|
Kjartan Slettemark med performance der han fann fram til tilskodarane sin digitale identitet. |