|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Flora: Rekordfangsten av sild ved Askrova | Ved Steinset vart det teke 127.000 hektoliter sild i 1950. (Foto: Arild Nybø © 2003) |
Inntil dei to nordlandsbåtane "Sollys" og "Antonett" gjorde kjempestenget ved Svelgen påskeaftan 1948 (sjå " Den store sildefangsten i Svelgen"), så var kjempefangsten ved Askrova i Flora i 1936 den største sildefangsten gjort i Sogn og Fjordane. Publisert 14.11.2001 10:45. Oppdatert 19.01.2004 14:37.LYD OG VIDEO
Verdas største sildefangst vart gjort kring 1890 i Eidsfjord i Vesterålen, der fjorden vart avstengd, og det vart salta 400.000 tønner sild.
Det lei på slutten av sildesesongen, og silda stod langt inne i fjordane. Ved Vevring og i Ålesundet i Førdefjorden vart det sett store sildeflak. Ein sundag oppdaga folk på øya Askrova at silda braut i enorme mengder på Oddefjorden, og hadde kurs mot Vallestadvågen på Askrova. I all hast fekk notlag fram nøtene, la dei dobbelt og stengde med ei lang lekkje silda inne på Vallestadvågen. Då dei etter nokre dagar oppdaga at silda slapp unna gjennom ei undersjøisk gleppe i berget, vart det sendt ned dykkarar for å mure holet att med stein. I vekesvis vart det håva opp sild. Dei offisielle fangsttala var mellom 100.000-120.000 hektoliter sild, men folk som sjølve var med, meiner at fangsten var nærmare 200.000 hektoliter.
Dei største kjende sildekasta kring Flora og Bremanger er (kjelde Malvin Toft):
Vallestadvågen, Askrova 1936:100.000-120.000 hl. - truleg innestengd innpå 200.000 hl.
Svelgen (Sollys/Antonett) 1948:80.000 hl. - innestengd langt over 200.000 hl.
Førdspollen/Bremanger 1948:80.000 hl. -fleire mindre båtlag var med.
Kvanhovden 1950:50.000 hl. - truleg innestengd ca. 80.000 hl.
Steinset/Frøya 1950:127.000 hl. - 12 båtlag med 140 mann var med.
SE OGSÅ
Siste saker:
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|