|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samleside: SILDEFISKET I SOGN OG FJORDANE |
Industri og næring i Aurland: Fangst av fjordsild gav både mat og inntekter i gamle dagar. Ved Fretheims-garden i Flåm vert det hevda at det har vore ein lokal sildestamme.
Industri og næring i Gulen: På Byrknes har fiskarbonden fått sitt eige museum: I fleire hus og sjøbuer er det samla reidskapar, garnbruk og båtar som viser korleis mann og kone på småbruk langs kysten arbeidde og livnærte seg i gamle dagar.
Historia i Stryn: Fiskarbua på Geitholmen ved Kalvåg vitnar om den tida då også innfjordingane rodde fiske på kysten.
Historia i Solund: Utvær ligg omlag 8 kilometer vest for dei ytste større øyane i Sula, og er den vestlegaste øygruppa i Noreg med fast busetnad.
Historia i Hyllestad - Fiskeri I dei fleste bygder i Hyllestad var det i eldre tid mange notbruk og båtlag. Mest alle gardane i Skifjorden og Åfjorden eigde registerte sildegarn kring 1750.
Fiskerihistoria i Flora: Det største sildefisket i verda gjekk føre seg på Vestlandskysten i åra frå 1945 til 1957. I toppåret 1956 vart det ført iland 12,3 millionar hektoliter. På 12 år vart det fiska opp 105 millionar hektoliter storsild. Senter for dette eventyrlege fisket var Florø og Måløy.
Fiskerihistoria i Flora: Etter mange svartår, kom storsilda tilbake til Fjordane i 1886. Over 8.000 fiskarar deltok, og ialt vart det fiska 500.000 hl. til ein verdi av 2,4 millionar kroner. Men sildeeventyret vart berre eit blaff, før det kom eit nytt storår i 1897.
Fiskerihistoria i Flora: Midt på 1800-talet hende fleire ting som gjorde at distriktet frigjorde seg frå Bergens-herredømet:
Fiskerihistoria i Flora: Storsildfisket - eller vårsildfisket - har gjennom historia skapt velstand og vekst - men også svolt og ruin for kystfolket når det årvisse innsiget svikta. Kinn og Florø har opplevd begge deler, fleire gonger.
Historia i Flora: Etter initiativ frå ingeniør Hans Andreas Hartner frå Oslo og sildevrakar i Florø, Andreas Trovik, vart den første sildoljefabrikken i Sogn og Fjordane bygd i Florø i 1910, A/S Florø Olje- og Sildemelfabrikk.
FLERE SAKER
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|