|
Petrine, Harald og Chester Saltskår i 1941. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune |
Etter opprullinga i Telavåg, som m.a. råka Bulandet og Værlandet i 1942 (sjå:
Massearrestasjonen på øyane), kjende både agentane i ura og bonden Chester Saltskår på Staveneset seg utrygge. Difor vart agentane og Saltskår-familien med Chester, kona kona Petrine og sonen Harald henta over til Skottland med eit alliert sjøfly 23. mai 1942. Systera Oddny Saltskår og kjærasten Anton Hollevik tok seg av garden heime på Staveneset.
|
Chester Saltskår og sonen Harald på Peterhead-basen. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune. |
I august 1944 kom det nye agentar med radiosendar - først til Illevikbotn, før dei flytta til Storura i Staveneset. Dei to var
Dagfinn Ulriksen og Ivar Møller.
Arrestasjon og tortur
Litt seinare på året vart lasteskipa "Lynx" og "Tyrifjord" bomba av allierte fly utanfor Staveneset - sjå:
Mange skip senka kring Askvoll. "Tyrifjord" kom i brann, men berga seg inn på Askvika. "Lynx" vart køyrd i land på Staveneset for ikkje å søkkje på djupt vatn. Kapteinen på "Lynx" vart sett att for å passe på at skipsvraket ikkje vart plyndra, og budde då i huset hos Oddny Saltskår.
Om natta medan kapteinen sov, kom dei to agentane ned frå ura for å hente mat og mjølk hos Oddny på garden. Etter angiveri kringsette tyskarane garden på Staveneset i mars 1945 og arresterte både Oddny Saltskår, kjærasten Anton Hollevik og broren Hans Hollevik. Oddny og Anton vart hardt torturete m.a. av Gestapo-sjefen i Høyanger, Helmut Klötzer (sjå:
Klötzer vert sjef), før dei vart sende til fangeleiren Espeland ved Bergen, der dei sat til frigjeringa i mai 1945.
|
Hans Hollevik, Oddny Saltskår og Anton Hollevik etter at dei vart sette fri i maidagane i 1945. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune |
Innsatsen heidra
Chester Saltskår vart dekorert for krigsinnsatsen med King George VI's Medal for courage, St. Olav-medaljen, Kong Haakon VII's medalje og deltakar-medaljen.
I eit lite museum har Olav Saltskår m.a. teke vare på straumaggregatet som agentane i ura nytta til radiosendaren sin.