SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Bremanger fødde før 1900

Omtalane er ordna etter fødselsår:

Publisert 27.11.2001 15:09. Oppdatert 10.04.2007 12:04.

Berle-Kåre

Mektig hovding som budde i bygda Berle på Harald Hårfagres tid, dvs. siste del av 800-talet.

Rasmus Indrehus

d. ca. 1617, frå Indrehus. Gardbrukar. Vart ca. i 1617 drepen av ein bjørn som hadde brote seg inn i fjøset på garden for å ta krøtera. – Les meir i eigen artikkel "Bjørn i fjøset drap mann" under Bjørnesoger i Bremanger.

Thomas Nielsson Friis

(1675–1745) Presteson frå Vanylven, busett på Nordfjordeid og i Rugsund. Handelsmann og jordeigar.

Kristi Sveinsdotter Kjøllesdal

(1700-1720) frå Kjøllesdal. Vart i 1720 avretta ved halshogging fordi ho hadde fødd eit barn utanfor ekteskap, og gøymt barnet.

Thomas Georg Krog

(1714-1785). Fødd i Bergen, busett i Davik og seinare i Vik i Sogn. Prest og forfattar.

Anders Otteren

(1714–1738) frå Otteren ved Rugsund. Gardbrukar. Vart i 1738 drepen av ein bjørn medan han gjette buskap i utmarka. – Les meir i eigen artikkel "I knivkamp med bjørnen" under Bjørnesoger i Bremanger.

Jens Andreas Krog

(1740-1783) fødd i Bergen, busett i Davik. Prest og forfattar.

Claus Frimann

(1746-1829). Kjend diktarprest. Sokneprest i Davik i 40 år, og prost i Nordfjord. Claus Frimann (1746-1829). Fødd i Selje.

Hans Person Indrehus

d. 1772, frå Indrehus. Gardbrukar og bjørnejeger. Vart drepen av bjørn i utmarka ved garden. – Les meir i eigen artikkel "Hogg øksa i bjørneskallen" under Bjørnesoger i Bremanger.

Knud Carl Krogh

(1773–1844) frå Davik. Jurist og politikar. Son av prest Jens Andreas Krog og bror til Johan Caspar Krogh (sjå denne f. 1776)). Vart prokurator i Akershus og sorenskrivar på Nordre Sunnmøre. Stortingsrepresentant frå Akershus 1818 og vararepresentant frå Romsdal amt 1824 og 1833.

Johan Caspar Krogh

(1776–1831) frå Davik. Jurist, fut, amtmann og politikar. Son til Jens Andreas Krog og bror av Knud Carl Krogh (sjå denne f. 1773). Jurist, fut i Senja 1811 og amtmann i Finnmark 1814–1828. Vararepr. på Stortinget frå Finnmark 1821, 1824 og 1827.

Peder Harboe Clausson Frimann

(1782–1843) frå Selje, busett på Davik. Jordeigar. – Sjå Peder Harboe Clausson Frimann, Selje kommune.

Henrik Didrik Echoff Friis

(1797-1896). Fødd i Kopervik, busett i Rugsund.

Jakob Andreas Lindeman

(1805-1846) fødd i Trondheim, busett i Davik. Prest, skulestyrar og komponist.

Christian Meyer

(1809-1885) frå Bergen, busett i Davik. Sokneprest og politikar.

Johannes Melstvedt

(1816–1876) frå Vikør i Hardanger, busett i Kalvåg. Handelsmann.

Johannes Lasseson Rosenlund

(1824–1906) frå Leikanger i Sogn, busett på Davik. Klokkar og kyrkjesongar. Han var kjend som ein særs from mann, og han gav ut salmesamlinga ”Nogle Sjælens Hvilestunde”. Far til Apollonius Liljedahl Johannesson Rosenlund).

Hans Andreas Lexau

(1826-1884) frå Bremanger, busett på Husøy i Solund.

Carl A. Olsen

(1830-1911) f. i Mandal, busett i Smørhamn. Gullgravar, jordomseglar og eventyrar.

Ulrik Vilhelm Boyesen Koren

(1830–1911) frå Selje, busett i Kalvåg. Prest. Første sokneprest i Bremanger prestegjeld etter at det vart skilt ut frå Kinn prestegjeld i 1864. – Sjå Ulrik Vilhelm Boyesen Koren, Selje kommune.

Ole Stuevold Hansen

(1834-1899). Prest i Davik og ”grundtvigianar”. Forfattar av m.a. ”Israels Historie”, og medutgjevar av tidsskriftet ”Folkeskolen”.

Petter Christian Wiese

(1842–1926) høyrde til den mektigaste handelsætta i Nordfjord på 1800-talet.

Christian Astrup

(1844-1920). Gift med Petra Konstance Lodz f. 1860. Sokneprest i Jølster 1883-1916.

Ole A. Sande og ei av døtrene ca. 1890

Ole Augustinusson Sande

f. 1848 på garden Sande i Svelgen. Utvandra til Nord-Dakota i USA, truleg før 1880, og slo seg til i byen Fargo. Her skal Sande(rs) ha vorte valt til første borgarmeisteren i byen, og fekk gata ”Sanders Avenue” oppkalla etter seg.

Valdemar Gjertson Bakke

(1849-1934) frå Rugsund. Gardbrukar, fiskebåtreiar og politikar.

Jacob Blaauw Lieske

(1849–1941) frå Trøndelag. Bonde i Bremanger, og oppsynsmann ved vårsildfisket. Vararepresentant for Høgre på Stortinget, og møtte fast 1896-1897. I 1889 kjøpte starta han landhandel, sildesalteri og fiskeeksport i Kalvåg. I 1902 skipa han A/S Bremanger Havfiskeselskap - sjå: Jacob Blaauw Lieske.

Ingvald Severinson Eide

(1850-1927) frå Hosanger i Hordaland, busett i Davik og i Florø frå 1923. Prest og prost i Nordfjord.

Ola Johannesson Vik

(1854-1897) frå Viksdalen, busett på Varpe. Lærar og bladutgjevar. Sjå Ola Johannesson Vik, Gaular kommune.

Ivar Rasmussen

Ivar Annanias Matias Rasmussen

(f. 1858) frå Grotle. Lærar og målmann, som i 1899 gav ut ei kyrkjesoge på nynorsk for folkeskulen. Redaktør 1884 i eitt år for Norsk Barneblad.


Mons J. Aase

(1858–1918) fødd i Davik. Starta i 1883 handel i Barmen i Selje, frå 1886 på Raudeberg.


Kristian Faye

(1859-1954). Overrettssakførar og industrigründer - Sjå Kristian Faye, Askvoll kommune.

Wilhelm Jebsen

skispreiar frå Bergen. Skipa saman med andre Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret, i drift 1928.

Apollonius Liljedahl Johannesson Rosenlund

(1862-1934) frå Kvamsøy, busett på Davik. Lærar, klokkar, lensmann og politikar.

Gjert Nordal

(1862–1944) frå Bremanger. Pensjonist. Var passasjer og omkom då Fylkesbaatane sin rutebåt D/S ”Framnæs” (sjå ”Senkinga av "Framnæs" under Krigshistoria i Bremanger) vart bomba av 30 allierte fly ved Kjelkenes i Midtgulen den 8. november 1944.

Peder Pederson Ness

(1862–1927) frå Gloppen, busett på Olsbø i Rugsund. Skreddar og spelemann. Han var ein kjend spelemann i heile Nordfjord og Sunnfjord, og skal ha spela i meir enn 100 bryllaup.

Ragnvald Blakstad

(1866-1929). Fødd i Asker, busett i Skien og seinare Arendal og Oslo. Fossekjøpar og industrimann som spela ei av dei sentrale rollene i Noreg i dei første åra då fossekrafta vart utnytta til bygging av ny industri.

Ole Steffensen Isene

(1867-1943), frå Isane. Lærar og framståande organisasjonsmann i fråhaldsrørsla.

Augustin Kristianson Bredvik

(1868–1952) frå Bremanger. Lensmann i Gulen frå 1896 og politikar for Venstre. Styremedlem i Fylkesbaatane og i mange år styremdlem i Sogn og Fjordane Skogselskap. Vararepresentant på Stortinget 1922-1930.

Birger Stuevold Hansen

(1870–1933) oppvaksen m.a. på Davik, busett i Molde. Jurist, Ventre-politikar og statsråd.

Lars P. Lefdal

(1871-1944) - frå Lefdal i noverande Eid kommune. Bonde, forretningsmann og politikar.

Ole M. Totland

(1871–1967) frå Bryggja var ein av pionérane i norsk pelsdyroppdrett.

Torstein Lepsøe

(1872-1921). Frå Vikør, busett i Kalvåg. Kjøpmann. Svigerson til den store kjøpmannen i Kalvåg, Johannes O. Melstvedt. Lepsøe utvida verksemda til m.a. hotell og fiskeeksport.

Peder A. Terdal

(1873–1930) frå Terdal (Tirdal) aust for Florø, busett i Bremanger. Fiskeeksportør og handelsmann.

Rasmus Anderson Vetvik

(1875–1936) frå Vetvik, busett i Måløy. Fiskeeksportør og fiskebåtreiar.

Carl D. Kolset

(1876-1939) frå Rugsund. Utvandra til USA, tok doktorgraden i medisin. Vart ein sentral person i Nordfjordlaget i Amerika.

Malvin M. Sørgulen

f. 1876 på Hauge i Bremanger. Lege. Utvandra til Amerika i 1893 og bygde opp sitt eige sjukehus i byen Clarkfield i Minnesota.

Karl Petterson Vadøy

(1878-1965) frå Bulandet, busett i Smørhamn. Fiskar, organisasjonsmann og Venstre- politikar. – Sjå Karl Petterson Vadøy, Askvoll kommune.

Nikolai Astrup

(1880–1928) er fødd i prestegarden i Kalvåg. Ein av dei største kunstnarane i Noreg tidleg på 1900-talet.

Aksel Mollø Christensen

f. 1883. Ingeniør. Første overingeniør for elektrisitetsforsyninga i Sogn og Fjordane.

P. Aug. Hysing

(1885-1967) Ingeniør og kraftforsyningspionér. Driftsleiar for Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet).

Thorbjørn Øvrebotten

(1886-1967) frå Botnane. Bonde og motstandsmann under andre verdskrig.

Jørgen H. Andersen

første adm. dir. ved Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret (1923-1941).

Harald Bertin Hafstad

(1892–1944) frå Bremanger. Bakar. Var passasjer og omkom då Fylkesbaatane sin rutebåt D/S ”Framnæs” (sjå ”Senkinga av "Framnæs" under Krigshistoria i Bremanger) vart bomba av 30 allierte fly ved Kjelkenes i Midtgulen den 8. november 1944.

Thomine Kjerpeset

(1894–1944) frå Bremanger. Husmor. Var passasjer og omkom då Fylkesbaatane sin rutebåt D/S ”Framnæs” (sjå ”Senkinga av "Framnæs" under Krigshistoria i Bremanger) vart bomba av 30 allierte fly ved Kjelkenes i Midtgulen den 8. november 1944.

Samson Nilsson Nyborg

(1894–1964) frå Berle. Fiskar, direktør og organisasjonsmann.


Neste side:
· Kjende personar i Bremanger
MEIR OM BREMANGER 
Bremanger kommune

 
Aviser og media i Bremanger
Historia i Bremanger
Industri og næring i Bremanger
Kjende personar i Bremanger
Kommunehistoria i Bremanger
Krigshistoria i Bremanger
Kyrkjer i Bremanger
Samferdsle i Bremanger
Skular i Bremanger
Verd å sjå i Bremanger

 
Video frå Bremanger
Lyd frå Bremanger
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no