SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Kommunehistorikken i Årdal:

Politisk utvikling i Årdal

1. mai-toget i årdal i 1995. (Foto: Bernt Baltzersen, NRK)
1. mai-toget i årdal i 1995. (Foto: Bernt Baltzersen, NRK)
Som i dei fleste bygder i fylket, var Venstre det dominerande partiet i Årdal fram til Tyin-anlegga starta frå 1910.

Publisert 29.11.2001 09:27. Oppdatert 08.06.2006 14:16.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Mangeårig ordførar og seinare stortingsmann Per Klingenberg Hestetun var ein god stemmesankar for Venstre i tida frå 1908 og utover.

Tyin-anlegga gav arbeid til meir enn 200 mann. Mange av desse var tilreisande anleggsbusar som bar med seg radikale idear. I 1916 skipa Peder Jakobsen frå Røros Øvre Årdal Arbeiderforening, som raskt vart ei politisk kraft i bygda. Ved stortingsvala mellom 1915 og 1927 veksla Venstre og Arbeidarpartiet om å sanke flest røyster i Årdal.

Arbeidarpartiet dominerande

Sidan 1930 har Arbeidarpartiet vore største partiet. Etter 2. verdskrig har Arbeidarpartiet hatt reint fleirtal ved alle kommuneval med unntak av 1955.
Ved kløyvinga av den norske arbeidarrørsla i 1923 vart Øvre Aardal Kommunistlag skipa med Ivar Sterri frå Hafslo som formann. Laget hadde 33 medlemer i 1924. Sterri gjekk seinare tilbake til Arbeidarpartiet og var ordførar frå
1946 til 1955.

Men sjølv om kommunen hadde markerte Venstre-folk og aktive arbeidarlag, vart det ikkje stilt partipolitiske lister ved kommunevala før i 1934. Vala før den tid var prega av
konkurransen mellom bygdelister frå øvre og nedre, og mellom lister med borgarlege kandidatar på den eine sida og liste med arbeidarar og husmenn på den andre. Ei slik husmanns- og arbeidarliste fekk reint fleirtal i 1928, og sidan har Årdal kommune vore "arbeidarstyrt".
Arbeidarpartiet har dominert i rådhuset i Årdal. Foto utlånt frå Årdal Sogelag.

Sterkt også i fylket

Også i fylkessamanheng har Årdal Arbeidarparti vore ein sentral maktfaktor. Som det klårt største lokallaget har årdølene i heile etterkrigstida hatt avgjerande innverknad på Arbeidarparti-nominasjonen ved stortingsval. Årdal Arbeidarparti har også hatt mange av fylkesleiarane i same periode.

I Årdal var det fleirtal for norsk EU-medlemskap ved folkerøystingane både i 1972 og 1994.

Neste side:
· Kommunal økonomi og samspel med verket
Førre side:
· Kommunehistoria i Årdal


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no