Eit statleg "kanalselskap" planla skipskanalar djupt inn i
Austlands- og Sørlandsdalane. Dei mest kjende er Bandak-kanalen i Telemark (fullført 1892) og kanalsystema i Haldenvassdraget. Som vassdragregulantar vart kanalselskapet forløparen til det som seinare vart Norges Vassdrags- og Energiverk, NVE, skipa i 1921.
Årdal råka av "kanalfeberen"
Den einaste staden i Sogn og Fjordane som vart råka av "kanalfeberen", var Årdal. Det skjedde på 1860-talet, då ein bygde "båtrenne" frå fjorden til Årdalsvatnet.
Men dette var ikkje første gongen det kom på tale å gjere Hæreidselvi meir farbar: Også i koparverkstida på 1700-talet var det aktuelt å reinske opp elva slik at ein kunne drage større farty opp til vatnet og dermed lette transport av gods til og frå smeltehytta i Øvre Årdal.
På oppdrag frå kanaldirektøren arbeider ingeniør Riis i 1863 ut planar og kostnadsoverslag for "Hæreidselvens Farbargjørelse", og i 1866 vart spørsmålet om ei "båtrenne" frå fjorden til Årdalsvatnet lufta i kommunestyret.
|
Årdalsvatnet frå Tippen på Årdalstangen. Hadde planane om skipskanal blitt realiserte ville skip ha gått opp elva til venstre og vidare på vatnet til Øvre Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK. |
På 1890-talet vart det lansert nye kanalplanar av heilt andre dimensjonar enn den smale båtrenna frå 1860-talet: No var det aktuelt å byggje veg Årdal-Valdres. Men å byggje veg i dei stupbratte fjellsidene langs Årdalsvatnet var utenkjeleg. Ein skipskanal med sluser frå fjorden og opp i Årdalsvatnet ville vere løysinga.
Hovedside:
·
Samferdsle i Årdal