SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Årdal:

Sterk dugnadsånd

Dei store musikkprosjekta i Årdal har samla dugnadsvillige i alle aldrar. (Foto: NRK)
Dei store musikkprosjekta i Årdal har samla dugnadsvillige i alle aldrar. (Foto: NRK)
Eit særtrekk ved industrisamfunnet Årdal har vore den sterke dugnadsånda.

Publisert 29.11.2001 15:27. Oppdatert 16.05.2006 13:46.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Det vart tidleg ein tradisjon i etterkrigstidas Årdal at sjølvbyggjarar som reiste sin eigen bustad fekk hjelp av arbeidskameratar til tomtearbeid og husbygging. Dugnadsfolk frå denne tida seier gjerne i skjemt at for å få bygd sitt eige hus, måtte dei kvittere med husbygging for andre i årevis etterpå.

Symjebassenga på Tangen og i Øvre vart for det meste bygde på dugnad. Det same vart idrettsplassar, lagshytter og andre idrettsanlegg.

Fylkesmann Ingvald Ulveseth opnar folkevegen til Vetti. Foto: Egil Jørgen Lund, utlånt frå Årdal Sogelag.

Folkevegen til Vetti på dugnad

Den 4,5 kilometer lange vegen frå Hjelle til Vetti gard vart til etter fem års dugnadsinnsats, og vert med rette kalla Folkevegen. 1500 årdøler teikna seg til dugnad. Dei bygde mellom anna fire bruer over Utla, og etter 50.000 dugnadstimar i ulendt terreng kunne vegen opnast i 1977. Jan B. Paulsen tok initiativet og var ei eldsjel i dugnadsarbeidet, og har elles vore kjend som ein aktiv forkjempar for fleire viktige veg- og tunnelprosjekt i indre Sogn.


Store musikkprosjekt

I 1992 gjekk fleire lag og organisasjonar i Årdal saman i det store "Beatles-prosjektet", ein kabaret basert på Beatles sine kjende melodiar. Ialt 170 songarar og musikarar frå 10 til 82 år deltok.
Arbeidet med musikkprosjekta går på tvers av orgnaisasjonane.


Seinare sette Årdalsfolket opp cabareten "Frå Chaplin til Elton John". Denne vart m.a. plukka ut som Sogn og Fjordane sitt hovudbidrag til "Kulturby 2000" i Bergen, og vist fram under opninga med kong Harald til stades. I 1999 fekk "Årdals-prosjektet" Fylkeskulturprisen. Bjarne Øren og Jan Roger Øren har stått sentralt i den musikalske tilrettelegginga av projekta.

Hovedside:
· Kultur og organisasjonsliv i Årdal


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no