|
Jens Klingenberg og kona Kristina Hille Klingenberg. Biletet er teke mot slutten av 1880-talet. (Foto © Fylkesarkivet) |
Jens Klingenberg d.e. kjøpte og flytta eit to-etasjes tømmerhus som vart nytta som det første "hotellet". Klingenberg bygde også kai med sjøbu, der det var tingstove, stall og fjøs. Sonen Jens Klingenberg d.y. bygde i 1900 Klingenberg Hotell i sveitsarstil like ved det gamle "hotellet".
Kjende gjester
Den kjende fjellklatraren
William Cecil Slingsby var fast gjest hos Klingenberg frå 1874. Andre kjende gjester den første tida var reisebyråkongen Thomas Bennett og stiftaren av Den Norske Turistforening Thomas J. Heftye, polarhelten Fridtjof Nansen, komponisten Edvard Grieg og fysikaren Julius Røntgen.
|
Klingenberg Hotell i 1953. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag. |
Drifta fram til i dag
Klingenberg Hotell har sidan vorte drive av slekta i fleire generasjonar fram til 1976, då Jan Lea frå Haugesund overtok. Martin Ødegård som seinare kjøpte
Hafstad Hotell leigde Klingenberg Hotell i nokre år til Erling Eggum kjøpte hotellet i 1985. Eggum har drive det sidan.
I 1960 vart bygget frå 1900 rive for å gje plass til nybygg. Austfløyen vart bygd i 1974 med utviding 1988, og påbygg mot fjorden i 2000.
Klingenberg Hotell eig og driv også
Sitla Hotell i Øvre Årdal.