For dei første landhandlarane, sjå:
Det var folk frå dei store og rike slektene i indre Sogn som dreiv handel på Årdalstangen på 1600- og 1700-talet. Slektsnamn som Nagel, Døsen, Ørbech, Teiste, Svabo og Lem går att.
starta landhandel på Farnes i Øvre Årdal i 1865.
Jimmi Klingenberg og Jan Hille
starta landhandel på Årdalstangen i 1903 og dreiv fram til kring 1920. På folkemunne heitte butikken Janbui. Etter det vart huset ei tid nytta av Nedre Årdal Samvirkelag.
|
Janbui vart butikken til Hille og Klingenberg kalla. Foto utlånt frå Årdal Sogelag. |
Ths. A. Vettis Eftf. landhandel
i Øvre Årdal vart starta i 1905 av Thomas Vetti. Før han starta som forretningsmann, hadde han arbeidd som patentførar (fjellførar) i Vest-Jotunheimen for Den Norske Turistforening. I 1918 flytta han inn i nybygg, som seinare vart utvida. I 1938 overtok sønene Torvald og Bartolv butikkdrifta, som m.a. spesialiserte seg på sal av geitost. Forretninga er no overteken av Prix.
Tyinfaldene med eigen handel
I samband med at A/S Tyinfaldene starta utbyggjing av kraftanlegg i Øvre Årdal frå 1910, var det mange som starta handel i bygda. Dei fleste dreiv assortert landhandel, men også spesialforretningar m.a. i tobakk, manufaktur og mote såg ei framtid i det planlagde industrisamfunnet som Norsk Hydro ville byggje. Men A/S Tyinfaldene løyste sjølve handelsbrev i 1918 og tok matvarer og andre forsyningar frå eige lager. Selskapet handla såleis svært lite frå lokale kjøpmenn.
Då nedgangstidene kom på 1920-talet, gjekk 14-15 av forretningane i Øvre Årdal konkurs eller vart avvikla. Nokre få overlevde krisetida, og er nemnde i dette oversynet.
Kristian Offerdal
frå Feios starta landhandel i Øvre Årdal i 1909. Søstera Andrina tok seinare over og dreiv den som "Offerdals Landhandel". I 1914 sette ho opp stort nybygg. Forretninga vart driven til 1969. (Sjå også
Steinindustrien i Ytre Ofredal).
Øvre Årdal Samvirkelag
vart skipa i 1928. Dei første åra dreiv forretninga i leigde lokale, men flytta i 1937 inn i nybygg. Forretninga utvikla seg raskt til den største i Årdal, og hadde på 1950-talet kring 20 tilsette, og dreiv både bakeri, konditori og pølsemakeri. Daglegvareavdelinga var ein av dei første butikkane i Sogn og Fjordane som la om til sjølvbetjening tidleg på 1950-talet. Samvirkelaga i Årdal slo seg etter ei tid saman, og vart i 1999 slege saman med Voss Samvirkelag. I 2000 slo Årdal og Voss seg saman med Sogn Samvirkelag i
Coop Mega Indre Vestland.
Sigvald Årebru
starta i 1928 landhandel i Seimsdal. I 1951 starta han daglegvareforretning i Øvre Årdal. I dag er denne forretninga driven av Jorun Årebru.
Nedre Årdal Samvirkelag
vart skipa i 1932 som ei underavdeling av Øvre Årdal Samvirkelag. I 1938 vart butikken på Tangen sjølvstendig selskap, og flytta same året inn i eige forretningsbygg. I etterkrigsåra hadde Nedre Årdal Samvirkelag 12 tilsette i butikken, tre på eige bakeri og eigen pølsemakar og sjåfør. Nedre vart seinare slege saman med Øvre (sjå ovanfor).
|
Nedre Årdal Samvirkelag nybygd i 1955. Foto: Verksposten, utlånt frå Årdal Sogelag. |