Selfangst
Reiste frå han var 18 år i tre sesongar på selfangst i Ishavet, der han på det beste skaut 360 selar på ein dag. Han skaut også ei mengd isbjørnar på ishavsekspedisjonane.
Jakta brunbjørn
Seinare vart han ein landskjend bjørnejeger som til saman felte 46 bjørnar. Han jakta mykje saman med broren Elling Røysum.
Ei jakt på den såkalla "styggebjørnen" i Balestrand i 1881 enda tragisk med at ein jaktkamerat, Torleif Dale, vart drepen.
|
Skalle og labbar frå bjørnar som Nils Røysum har skote. (Foto: Torje Bjellaas, NRK) |
16 reinsdyr på 2 minutt
At Røysum var ein dyktig skyttar, fortel ein soge frå reinsdyrjakt i Lærdalsfjella om: Her skaut han ein gong 16 reinsdyr på under to minuttar. I tillegg til gardsdrift og jakt, dreiv Røysum med skinnhandel.
Bok om Røysum
I 1912 vart det på J. M. Stenersen & Co. s Forlag gjeve ut ei bok om bjørnejegeren Nils Røysum sine opplevingar, skriven av Valentin Voss. Den kom i nytt opplag på Skald Forlag i 1999.