Henrik Spangelo (1858-1926) frå Årdal. Jurist, fossekjøpar og Høgre-politikar.
Son til lensmann Spangelo. Overrettsakførar i Grimstad 1888, sorenskrivar i Nedenes 1912. Han budde i Arendal, der han hadde ei mengd offentlege tillitsverv.
Vararepresentant på Stortinget for Arendal og Grimstad 1906-1909 og 1910-1912. Fast representant for same krins 1913-1915 og 1919-1921, representant for byane i Aust-Agder og Telemark 1922-1924. Odelstingspresident 1919-1924.
Henrik Spangelo sikra seg i 1898 halvparten av fallrettane i elva Tya, som seinare la grunnlaget for
A/S Tyinfaldene og bygging av aluminiumsverket i Øvre Årdal. Den andre halvparten vart p.g.a. usemje mellom grunneigarane på Ve seld til ingeniør
Nils Henrik Bruun. I 1906 selde dei fallrettane i det store vassdraget til det tyske selskapet
BASF.
Henrik Spangelo sikre seg også kontrollen over ei mengd eigedomar i Årdal som han seinare overlet til selskapet, og fekk Årdal kommunestyre med på å tilrå konsesjon for tyskarane sitt fossekjøp.