Vestlandsavdelinga til Landsforeningen for naturfredning i Norge fekk i 1924 freda Vettisfossen (275 meter) mot utbyggjing. Så langt kjent, var dette første vassfallet i Noreg som vart freda/verna. Fredinga gjeld i 999 år.
Fredinga kom i stand som ein "bytehandel": Den Norske Turistforening hadde alt i 1898 fått hand om m.a. dei vakre Tyssestrengane og Skjeggedalsfossen i Hardanger for freding. Dei vart i 1920 selde til A/S Tyssefallene for utbyggjing. Som erstatning vart Vettisfossen verna, etter at professor Jens Holmboe i Bergen og godseigar og museumsbyggjar
Gert Falch Heiberg i Amla hadde gjort ein stor innsats for å skaffe pengar.
Ville auke vassføringa i fossen
DNT – Den Norske Turistforening - ytte eit tilskot på 7500 kroner til kjøp av Vettisfossen ved fredinga i 1924. Men alt i 1908 gjorde Turistforeningen ein freistnad på å by fosseeigaren Jørgen Vetti eit større beløp slik at han ikkje selde fossen til kraftutbygging. Men Vetti avslo.
Grunnen til dette var at ein ingeniør W. Neumann på slutten av 1800-talet utarbeidde planar om å auke vassføringa i Vettisfossen med 170 prosent ved å føre elva Fleskedøla over i Morkedøla-Koldedøla rett ovanfor fossen. Ei slik ”takrenne” ville på den tid koste 2800 kroner.
Kjøpte att foss for 50 kroner
I 1908 då det første verneframlegget kom opp, var både Avdalsfossen, Høljafossen, Stølsmaradalsfossen og Hjellefossen i Utladalen selde til fossespekulantar. Jørgen Vetti hadde sjølv tent 5000 kroner på å selje Høljafossen i 1906, og meinte at om han selde Vettisfossen til kraftutbygging, kunne han få ein langt betre pris enn det vederlaget som DNT kunne by for vern. Men slik gjekk det ikkje.
Det høyrer med til soga at Jørgen Vetti fekk kjøpe Høljafossen tilbake på auksjon i 1941 for 50 kroner.