|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Årdal - industridraumen: Byplanar og jobbetidAnleggsarbeidet starta i 1910 med eit par hundre mann. Året etter trekte den tyske BASF-gruppa seg ut, og med 3 millionar kroner frå fransk kapital vart A/S Tyinfaldene no eit heileigd dotterselskap til Norsk Hydro. Den mektige Hydro-direktøren Sam Eyde kom sjølv til Årdal for å ta eigedomane i augesyn. Publisert 10.12.2001 09:49. Oppdatert 10.12.2001 11:43.Den første anleggstida var prega av optimisme og jobbetid: Kommunen planla for ein by på 4000-5000 menneske, og Farnes i Øvre vart eigen byggjekommune i 1914. På same vis som i Høyanger fekk bygda ein staseleg reguleringsplan: Ei boulevardprega hovudgate skulle danne sentrum i den nye industribyen, og det skulle byggjast både kyrkje, skule og krematorium. Den treetasjes murbygningen der Aardal Hotell heldt til, står framleis som eit prangande monument over denne tida i Øvre Årdal.
I bygda og på fjellet vart det bygd ialt 28 brakker som kunne huse 520 anleggsarbeidarar. Arbeidet med å byggje den imponerande fjellvegen med 42 svingar opp Heirsnosi starta i 1910, og vegen var ferdig til Tyinosen i 1920. I fjellet reiste det seg imponerande damanlegg. Den største vasstunnelen var over 11 kilometer lang, og tok 8 år å byggje (ferdig 1927). Til saman vart det sprengd 25 kilometer vasstunnelar i Tyin-anlegga fram til 1934. Men kva slags industri den nye byen skulle leve av, visste vel korkje årdølene eller Norsk Hydro.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|