|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Årdal - industridraumen: Tyin-krafta ut av Årdal?Hydro gjekk også på friarføter til Oslo kommune for å få selt Tyin-krafta til dei. Heilt frå 1936 forsøkte Hydro å selje anlegget til hovudstaden til reine dumpingprisar, men Oslo Lysverket valde å byggje ut sine eigne kraftverk i Hallingdal. Også ei svensk gruppe vart tilbode halvparten av Tyinfaldene utan at det kom til nokon avtale. Publisert 10.12.2001 12:33. Oppdatert 20.12.2001 00:16.Situasjonen i 1940 var at Årdals-samfunnet etter 30 års anleggsdrift og utallige kriser sat med eit av landets største kraftverk, bygd på eit av landets mektigaste vassfall.
I mangel på lokal storindustri, leita no eigaren Norsk Hydro etter ein måte å kvitte seg med "problemet Tyin" på. Det som skulle bli bærebjelken for det moderne Årdal var i ferd med å bli seld til spottpris austover.
Kraftlinene mot Oslo var stukne då Årdal vart berga av dystre slag frå gongongen: 2. verdskrig braut ut og sette ein stoppar for planane om utflagging av krafta. No skulle det bli nazistane som entra mansjen og tok andre runde i tevlinga om Tyinkrafta. Og så ironisk det enn kan høyrast: Det rår liten tvil om det var tyskarane sine krigsplaner som vart avgjerande for at Tyinkrafta vart verande i bygda, som grunnsteinen for industrisamfunnet Årdal.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|