Per Severin Hjermann (1891-1972) frå Stødno. Bonde og Bondeparti-politikar.
Oldebarn til stortingsmann Peder Severin Pederson Hjermann (sjå øvst under "
Kjende personar i Lærdal fødde år 1800-1850", og tippoldebarn til Eidsvollsmannen
Peder Pederson Hjermann. Tok over garden i 1929.
Sekretær i Indre Sogn Bondelag 1917-1921. Leiar i Lærdal Bondeparti 1935-1954.
Mangeårig leiar i rådet for Vestlandske Bondestemna, fekk Bondestemna sin ærespris i 1967.
Styremedlem i Fylkesbaatane i 20 år.
Kommunestyremedlem frå 1925, ordførar 1938-1940 og 1946-1954. Formann i fylkestinget (fylkesordførar) 1946-1954. Stortingsrepresentant 1954-1961.
Styremedlem i Sogn Historielag og formann i Ættehistorisk Institutt for Vestlandet 1952-1954.
Sjå:
Hjermann-slekta på Stødno.