SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Årdal - staten satsar:

Autoritære leiarar med fagforeiningshjelp

Skift stemplar ut frå verket i Øvre Årdal i 1952. (Foto © Hydro Årdal)
Skift stemplar ut frå verket i Øvre Årdal i 1952. (Foto © Hydro Årdal)
På verket burde no arbeidarane etter sosialdemokratiske ideal få stor innverknad i styre og råd. Men det vart ikkje slik:

Publisert 17.12.2001 09:38. Oppdatert 20.06.2006 11:47.
Generaldirektør Aage W. Owe sat ved hovudkontoret i Oslo, og la frå første dag opp til ein autoritær og hierarkisk leiarstil. På toppen av den lokale maktpyramiden rådde verksdirektør Dagfinn Efjestad, som i 1951 vart avløyst av den endå meir autoritære Gudmund Heggstad (sjå "Ny direktør - nye tider" under Høyanger kommune).

Oscar Wergeland var verksdirektør frå 1955 til 1966. Foto: Verksposten.
Heggstad vart avløyst av Oscar Wergeland, som sat som verksdirektør for Årdal Verk frå 1955 til han gjekk av som pensjonist, 70 år gamal, i 1966.

I dei første åra til Årdal Verk oppmoda personalkontoret arbeidarane om å rapportere oppover om arbeidskameratar oppførte seg ureglementert, og personalkontoret vart på folkemunne kalla "Kriminalkontoret". Arbeidstidsstudiar i produksjonen og resultatløn var ein annan kjepphest for ÅSV-leiinga. Teoretikarane brydde seg lite med at arbeidarane fekk mest å gjere når ovnane slo seg vrange og produksjonen gjekk i stå!
Men direktør Owe hadde ryggdekning for den tøffe leiarstilen i styret, og fekk dessutan hjelp frå Youngstorget når det var fåre for at nokon kunne knuse ruter i det "sosialdemokratiske utstillingsvidauget" i Årdal:
Ei tyskarbrakke hyste kontora til Årdal Verk fram til 1954. Foto: Verksposten

Youngstorg-kontroll over fagrørsla

Bryggja det opp til lokale konfliktar, spela den mektige fagforeiningsbossen Karsten Torkildsen i Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund på Youngstorget på lag med Owe & co. Når Årdals-arbeidarane sett fram krav om auka løn, bad han dei om å moderere seg. Argumentet hans var at dette var Statens og folkets eiga mønsterbedrift som måtte vernast om. Ein streik ved Årdal Verk ville verte som å streike mot sine eigne. Såleis var styremaktene raskt ute med tvungen lønsnemnd mot ein streik på rujernsverket på Tangen i 1956. Argumentet var at arbeidsstans ville føre til valutatap og skade den nasjonale økonomien. Den same argumentasjonen om å vise ansvar for nasjonen låg på lur kvar gong det spissa seg til i aluminiumshallane i Øvre.

Neste side:
· Nye kostar - nytt klima
Førre side:
· Årdal sat i andelaus spaning
Hovedmeny:
· Staten satsar på Årdal


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no