|
Mange av dei tilsette i Årdal har opplevd at verket har skifta namn og eigarar fleire gonger. (Foto: NRK) |
I 1967 vart ein stor del av norsk aluminiumsindustri selt ut av landet. Då overtok det canadiske aluminiumskonsernet Alcan halvparten av aksjane i Årdal og Sunndal Verk, som til då hadde vore eit fullt ut statskontrollert selskap.
I byte overtok ÅSV frå Alcan halvparten av aksjane i
Norsk Aluminum CO - NACO sitt aluminiumsverk i Høyanger og i vidareforedlings-fabrikken Nordisk Aluminiumsindustri i Holmestrand. Litt seinare same året sikra ÅSV seg full kontroll over begge selskapa i Høyanger og Holmestrand.
Etter salsavtalen fekk Alcan halvparten av styreplassane i ÅSV.
ÅSV-leiinga vona på at tilknytinga til eit internasjonalt aluminiumskonsern ville sikre tilgangen på råstoffet bauxitt og auke sjansane for å byggje fleire fabrikkar for vidareforedling i Noreg. M.a. var det ei tid aktuelt å byggje ein oksydfabrikk i Naddvik i Årdal som eit mottrekk då Norsk Hydro i 1967 lanserte planar om ein slik fabrikk ved sitt Alnor-verk på Karmøy.
- Det var i denne tida at det første gong kom på tale å utnytte dei enorme forekomstane av anorthositt i Gudvangen som aluminiumsråstoff til avløysing for bauxitt, som måtte importerast (sjå også:
Anortositt i Nærøydalen). Korkje Hydro eller ÅSV sine oksydplanar vart det noko av - heller ikkje eit fellesprosjekt mellom Hydro og ÅSV på Mongstad på 1970-talet.