Dei første kristelege ungdomslag
vart skipa i Årdal på 1890-talet.
Frilynde ungdomslag
vart starta i Øvre Årdal, Årdalstangen, Seimsdal og Naddvik kring 1900. Farnes Ungdomslag fekk eige ungdomshus i 1919, og har vore eit svært aktivt lag som m.a. sette opp revyar og skodespel.
|
Ungdomshuset Solvang i Øvre Årdal, bygd i 1919. Huset vart seinare bygd om ein god del. |
Utladalen Kinamisjon
er det eldste misjonslaget, skipa i 1913.
Norges Automobilforbund
avdeling Årdal vart skipa 1935, og har etter folketalet vore ei den største NAF-avdelinga i landet.
Farnes Mannskor
vart skipa i 1934 som avdeling av Farnes Ungdomslag. Mannskoret sette i mange år opp populære revyar.
AUF-lag
vart skipa i 1946.
Fagforeningenes Musikklag
på Tangen vart skipa i 1946. I 1975 endra korpset namn til Årdalstangen Ungdomskorps.
Tangen Arbeidermannskor
vart skipa 1947.
Farnes Musikklag
i Øvre Årdal vart skipa i 1947 etter initiativ frå Farnes Ungdomslag. Idag heiter korpset Øvre Årdal Janitsjarkorps, og høyrer under fagforeiningane.
Tangen Kvinnekor
vart skipa 1948, og vart i 1952 slege saman med Tangen Arbeidermannskor til Tangen Arbeiderkor.
Øvre Årdal Songlag
blandakor, vart skipa i 1948. Har også sett opp revyar.
Tangen Skulemusikk
vart skipa i 1951.
Farnes Skulemusikk
vart skipa i 1952.