Dei første var "supergruppa" Lava på 1970-talet. Gruppa vart skipa i 1977 av årdølene
Per Hillestad, Kjell Hestetun og Stein Eriksen og "systrendingen" Svein Dag Hauge, som på den tida var lærar i Årdal. Lava vekte stor merksemd og fekk svært gode kritikkar for fleire album som dei gav ut frå 1980. Gruppa fekk Spellemannsprisen i 1984 og har vore nominert fleire gonger.
|
Håkon Høgemo. |
Omlag samstundes med at Lava vart landskjende, starta jazzmusikar og komponist
Karl Seglem samarbeidet med pekusjonisten Terje Isungset frå Hallingdal i gruppa "Utla". Seinare slutta meisterspelemannen
Håkon Høgemo frå Øvre Årdal seg til Utla, og saman har desse gjeve ut fleire album med sin særmerkte musikk. Høgemo har på si side vunne fleire førsteprisar på Landskappleiken og Spellemannsprisen, og saman har dei tre m.a. turnert mykje i utlandet. Karl Seglem har også samarbeidd med komponisten
Reidar Skår frå Årdal, og for albumet "Tya" fekk dei to Edvard-prisen i 1998.
Nils Einar Vinjor frå Øvre Årdal er rekna mellom landets fremste gitaristar med oppdrag i inn- og utland. Han har også gjeve ut eige album.
|
Jan Roger Øren dirigerte kor og musikarar i "Beatles". |
Jan Roger Øren som har vore ei drivande kraft bak musikkprosjekta "Beatles" og "Frå Chaplin til Elton John" har også samarbeidd om plateprosjekt som komponist og arrangør, og er frå 1998 musikksjef i Norges Musikkorps Forbund.