1826
I 1826 var ein stor del av garden Moa i Øvre Årdal rasert av ein elveflaum. Elva Tya tok seg nytt far. På folkemunne vert denne flaumen framleis kalla "Storeflaumen".
1858
I 1858 omkom far og son då dei vart tekne av eit snøskred som truleg gjekk på Holsæter i Fardalen.
Åtte menneske omkom i to skredulukker ved Årdalsfjorden.
1934
Eit jord- og steinras frå Geisdalen øydela i 1934 mykje av jorda på Lægreidsgardane på Årdalstangen. Ein del bufe strauk med, men ingen personar vart skadde.
|
Raset frå Geisdalen på Årdalstangen 5. mai 1934 |
1910-1940
I den lange anleggstida frå 1910 til 1940 på Tyin-anlegga var det fem dødsulukker ved anlegga. Alle var sprengingsulukker og hende tida frå 1917 til 1925: Norsk Hydro ytte støtte til dei etterlatne med pengar frå det såkalla "arbeidarfondet".
1941
I 1941 omkom åtte anleggsarbeidarar på Nordag-anlegget etter at dei hadde drukke frysevæske.
1948
I 1948 drukna to menn ved dampskipskaia i Naddvik. Den ein fall først utfor, og den andre mannen drukna då han hoppa uti og freista å berge.
1956
I 1956 omkom tre personar ved ei eksplosjonsulukke på råjernsverket på Årdalstangen.
1957
I 1957 omkom tre personar då ein norsk personbil sklei utfor ved passering av ein fransk bil i fjellvegen opp Heirsnosi i Øvre Årdal. Franskmannen oversåg at det var timekøyring i kvar retning på den smale vegen.
|
Båtar i småbåthamna vart kasta på land. |
1983
I 1983 gjorde ei flodbylgje stor skade på småbåtar og kaianlegg på Årdalstangen. Flodbylgja var utløyst av eit stort steinras på sørsida av fjorden. Ingen menneske kom til skade. (Sjå bilete nedanfor og høyr radioreportasje øvst på sida.)
1993
I 1993 omkom to menn då eit småfly frå Vestfold styrta i Fardalen medan det dreiv flyfotografering.
|
Raset i fjorden i 1983 førte med seg ei stor flodbølgje. (Foto: NRK) |