Utdanna ved Universitetet i Oslo og NTH som kjemiingeniør.
Arbeidde nokre år som lærar før han i 1923 vart tilsett som kjemikar, seinare sjefskjemikar i O. Mustad til 1935. Var 1935-1945 sjefingeniør i AS Margarinsentralen, 1945-1946 direktør same stad. Owe var administrerande direktør og nestleiar i styret for A/S Årdal Verk frå starten i 1947 til 1952, då han vart generaldirektør i det utvida selskapet
Årdal og Sunndal Verk (ÅSV). Owe var generaldirektør i ÅSV til 1966.
Han var kjend for ein "sentralistisk" leiarstil med stor sans for detaljstyring. Alt som student hadde Owe sentrale leiarverv i studentorganisasjonar, og sat frå 1935 i ei rad offentlege utval.
Innan næringsliv og utdanning hadde han mange tillitsverv. Owe var m.a. leiar av Studieplankomiteen for NTH som i 1952 la grunnlaget for høgare teknisk utdanning i Noreg. Riddar av St. Olav Orden, den svenske Nordstjerneordenen, Finlands Hvita Ros-orden, Kongens gullmedalje og vitskapleg avhandling og æresmedlem i NIF.