Eigedomen der fabrikken vart bygd, hadde fiskehandlar og fiskebåtreiar
Ole Kr. Lefdal bygd ei sjøbu i 1921. I 1930 overtok Gerhard Voldnes denne eigedomen og dreiv ein liten sildoljefabrikk som vart sterkt øydelagd under Måløy-raidet 3. juledag 1941.
I 1942 vart så ein ny og stor sildoljefabrikk reist på tuftene.
Fabrikken i Deknepollen var ein av dei største i landet i dei rike sildeåra på 1950-talet.
Det vart også bygd losjihus m.a. for sildelossarar.
|
Måløy Sildeoljefabrikk. Foto: Fjordenes Tidende |
Måløy Sildoljefabrikk har sidan kjøpt opp
Ulvesund Formelfabrikk. På 1990-talet kjøpte
Arne Stang gjennom sitt selskap Welcon dei to fabrikkane i Måløy, og i 2000 vart dei igjen kjøpte opp av
Pan Fish-gruppa og
Arne Nore i dotterselskapet Pan Pelagic. Etter vanskane i Pan Fish, har Stang igjen teke kontroll over sildoljefabrikken.