På Bryggja har det vore kremmarleie og gjestgiveri i Endrevika heilt frå midten av 1600-talet. På Indre-Totland som ligg eit par kilometer vest for Bryggja, hadde det også vore drive litt handel kring midten av 1600-talet av borgar Morten Lind.
Den første Bergens-borgaren med privileium til å drive handel og gjestgiveri på Bryggja var Ola Jakobsson Bryggen. Han er først omtala i 1682.
Hyarane måtte handle på Bryggja
Den neste kremmaren heiter Peder Jonson. Han stammar truleg frå folket som hadde drive handel på Indre Totland. Han fekk av ein eller merkeleg grunn privilegium på å drive handel med folket i Hyen i Gloppen. Hyarane måtte difor ro "halve" Nordfjord for å kunne handle. Først då det kom eigen handelsmann på Hestenesøyra i 1712 vart folket kring Hyefjorden løyste frå plikta til å handle på Bryggja!
I 1705 vert Jens Paulson Berle eigar av handel og gjestgiveri på Bryggja, men selde det året etter til Hans Bang som var forstandar for St. Jørgen Hospital i Bergen sine eigedomar ("spitalgods") i Selje, Rugsund og Vanylven.
I 1709 flytta Hans Bang til Selje og selde difor Bryggja til Hans Larsson Glad, som var son til dåverande handelsmann i Rugsund - sjå:
Handelsstaden Rugsund.
Då Hans døydde i 1727, overtok enkja Maren og dottera Anne på Bryggja. Anne vart gift med Niels Pederson Tonning. Han sikra seg privilegiet på å drive handel med folk i Davik skipreide og Hyen, samt gjestgjevarløyvet på Bryggja. Niels kom frå den rike kremmarslekta Tonning i Stryn som m.a. også dreiv handel i Olden og på Vågsberget.
I 1771 overtok sonen Hans Nilsson Tonning, og med denne arven fylgde også jordeigedomar på Totland, Skorpa og halvparten av kyrkjene i Selje. Hans var gift med dotter til handelsmann Ole O. Vidsteen i Stårheimsvik.
Erik Nord tek over på Bryggja
I 1819 vart den kjende handelsmannen, våpensmeden og politikaren
Erik O. Nord frå Løken i Eid eigar av handelsstaden på Bryggja. Kjøpet vart ordna ved at Nord fekk låne 400 spesidalar av kong Carl Johan personleg.
Nord dreiv våpenverkstader både i Osmundsvåg, på Løken og i Volda. Dessutan dreiv han sag og skogsdrift i Svelgen. Handelen på Bryggja overlet han difor til
innleigde betjentar.
I 1845 kjøpte handelsmannen i Rugsund (sjå:
Handelsstaden Rugsund),
Henrik Didrik Echoff Friis handels- og gjestgjevarstaden på Bryggja, men skøytte den året etter til svigersonen Laurits Elstrand, som var fødd i Oslo. Elstrand var ein dugande forretningsmann som m.a. fekk skipa postopneri og dampskipsekspedisjon i 1858.
Då vegen over Maurstadeidet stod ferdig i 1864, auka handelen og trafikken over Bryggja sterkt. På same vis som svigerfaren Henrik Friis, var Elstrand også ordførar i Davik kommune i eit par år. Kona hans, Amalie, drukna saman med tre rorskarar utanfor Helleren i 1871.
Handelsstaden brannherja
Sonen Henrik Didrik Echoff Friis Elstrand overtok Bryggja i 1887, men då damskipskaia og skysstasjonen like etter vart flytta til Nore lengre aust i bygd, gjekk det tilbake med aktiviteten på Bryggja.
I 1898 vart handelsstaden herja av brann, og berre eit naust, sjøbuda og ei drengestove stod att. Nye hus vart bygde, men i 1910 brann også dei. Elstrand gav etter dette opp og flytta til Nore med postopneriet.