Handelsstaden Moldøen (Måløyna) vart fram til 1744 drive av same eigarar som på
Handelsstaden Vågsberget. Kong Fredrik den 4. overnatta på Moldøen under Noregs-reisa si i 1704.
Ole Scmidt, som dreiv Moldøen frå 1838 til 1866, bygde store sjøbuer og ein staseleg hovudbygning på eigedomen. Desse brann ned under Måløyraidet i 1941.
Lensmann
Nils Landmark Lem frå Sogndal kjøpte Moldøen i 1902, men flytta aldri dit sjølv. Frå 1915 kom Einar og Audun Lem (sjå Firda Canning under "
Fiskeriverksemder i Vågsøy") med som eigarar. I 1921 fekk dei med skipsreiar
Jacob Kjøde som kompanjong, og dreiv fiskehandel og tankstasjon på øya.
Frå slutten av 1800-talet overtok dei nye handelsmennene og fiskemottaka i Skramsbygda (noverande Måløy) som det dominerande senter i Ytre Nordfjord, og Moldøen tapte gradvis si betydning som handelssenter.
|
Den gamle hurtigrutekaia i 1916 med Lembuda og fiskedampskipet "Ruth II" til høgre. (Foto © Fylkesarkivet) |