Spedalsksjuke
– eller spillsykje – var den store folkesjukdomen på Vestlandet fram til Armauer Hanssen oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1872. Halvparten av alle sjukdomstilfella i Noreg var registrete på Vestlandet mellom Bergen og Møre. I 1856 vart det såleis registert 17 spillsjuke i Vågsøy. (Sjå elles
Klostergodset i Selje kommune).
Firlingfødsel i Skramsbygda
I 1756 fødde Inger Kristinsdotter Skram, f. Vik frå Ålfoten firlingar. Dette skal vere den einaste kjende firlingfødselen i Nordfjord. Men borna var svake og vart difor heimedøypte straks etter fødselen med namna Mons, Gunhild, Magnhild og Ane. Alle døydde straks etter.
Legetenesta
Distriktslegetenesta i landsdelen vart organisert 1802 – med ein distriktslege for Sunnfjord og Nordfjord, buande i Innvik. Frå 1840 vart Nordfjord eige legedistrikt, og i 1858 vart Nordfjord delt i eit indre og eit ytre med distriktslege i Måløy. I 1866 vart Nordfjord igjen delt i tre, med eit ytre, midtre og indre legedistrikt. Distriktslegen i ytre budde framleis i Måløy, og dekte Selje, Vågsøy og bygdene frå Bryggja og Rugsund og vestover i gamle Davik kommune.
|
Distriktslege Johan N. Cappelen var og dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane frå 1859 og brukte Cappelen-buda (på biletet) til det. |
Sist på 1800-talet slo det seg til eit par privatpraktiserande legar på Bryggja med etternamn Olsen og Bendiksen. Kor lenge dei budde der, er ukjent.
I 1912 fekk Davik kommune eigen distriktslege, busett på Bryggja, der det vart bygd legebustad.
Vågsøy vart eige legedistrikt frå 1921 med
Einar Strand som distriktslege. Han bygde Strandhuset ved Måløy kyrkje 1911, og planta mykje skog på Sæternes, som står den dag i dag. Han planta omlaga 100.000 furutre i utmarka si!
Skulehus vart sjukestove
I 1920 vart eit gamalt skulehus ominnreia til sjukestove på Midtgård i Måløy – på folkemunne kalla ”sjukehuset”. Bygget stod fram til 1970-talet, og var siste åra i bruk som realskulebygg.
Gamleheim på Bryggja
Dåverande Davik kommune bygde gamleheim på Bryggja 1958. Den vart utvida i 2005.
Måløy gamleheim
Gamlehjemsforeningen (skipa 1925) fekk bygd Måløy Gamleheim i 1956. I denne vart det innreia fødestove og nokre få sjukeheimsrom.
|
Måløy aldersheim. Foto: Arild Nybø |
Vågsøy sjukeheim
vart bygd på Gotteberg i 1978, og romma frå starten også kontor for distriktslege og folketannrøkt. Seinare fekk også sosialkontoret, barnevernet og PPT-tenesta plass i eit tilbygg til sjukeheimen. I 2004 opna kommunen ny sjukeheim på Kulatoppen på fastlandssida. I 2006 kjøpte selskapet Amonda Eiendom AS den gamle sjukeheimen på Gotteberg for å byggje den om til 36 husvere.
Veterinær
Frå 1898 fekk Nordfjord eigen amtsdyrlege (sjå "
Historia i Gloppen"), og frå 1919 vart Ytre Nordfjord eige veterinærområde.
Apotek
Apoteket Måken i Måløy vart skipa 1921.