SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Historia i Vågsøy:

Måløy vert fiskerisenter

På slutten av 1800-talet starta utbygginga av Måløy som det leiande fiskerisenteret i Sogn og Fjordane. Med få unntak, var det bondesøner frå heile Nordfjord som stod i spissen for utviklinga.

Publisert 07.01.2002 09:15. Oppdatert 10.10.2006 11:21.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Sjå omtale under:
· Fiskeriverksemder i Vågsøy og
· Kjende personar i Vågsøy

Grunnlaget for denne utviklinga av Måløy som fiskerisenter var dei store sesongfiskeria etter torsk og sild kring Vågsøy, og eit nytt bankfiske, spesielt etter kveite, på «eggja» frå Stad og nordover.

Havfiske med dampdrift

Nye «havfiskeselskap» med eigarar frå Måløy, Lefdal og Kjølsdalen investerte i store dampdrivne fiskebåtar som avløyste seglfiskeskøytene. Måløy vart ei lagleg hamn for den nye, motoriserte fiskeflåten, og dette vart forsterka då oljemotoren vart introdusert frå ca. 1904. Måløy vart frå 1858 stoppestad for Fylkesbaatane. Her gjekk kystrutene forbi, og langs stranda frå Sæternes til Gotteberg grodde det opp store sjøbuder, kaier og slippar. Gullalderen for «det nye Måløy» var tida frå 1910 til krakket kom på 1920-talet. Dei nyrike fiskehandlarane dreiv fiskehandel med avdelingar frå Kristiansund til Gulen, eigde store fiskebåtar og samla eventyrlege formuer på få år. Ingen stader i fylket fekk «jobbetida» større utslag med vekst og fall enn i Måløy.

Vekst og byplanar

Heradsheim. (Foto: Arild Nybø © 2003)
Den nye «byen» voks frå 400 innbyggjarar i 1900 til 1200 innbyggjarar i 1920. Den nye store Sør-Vågsøy kyrkje vart bygd 1907. Avisa Fjordenes Tidende vart grunnlagt 1909. Måløy fekk kraftverk 1911, omlag samstundes eige vassverk, og vart bygningskommune 1917. Rådhuset «Heradsheim» kom i 1915. Frå reguleringsplanen frå 1920 stammar dei spesielle gatenamna i Måløy: Med nummer på gatene som ligg parallelt oppetter lia. Byen vart regulert for 10.000 innbyggjarar, elektrisk bytrikk i Gate 1, jernbanestasjon, og forretningsbygg skilde med brannmur langs gatene. Desse kan ein sjå den dag i dag. Skram skole i Måløy vart bygd 1920. Den låg den gongen heilt ute på «bondelandet» over busetnaden, men var stor nok til å ta unna veksten i Måløy i nær 50 år etter!

Rikt kulturliv

I 1920 vart det store forsamlingshuset Turnhallen (Friheim) bygd. Der heldt Moldøen Dramatiske Club teaterframsyningar, Moldøen Orkester konsertar, og ingeniør Per Drage dreiv sin eigen kino. Målforma i skulen og i lokalavisa var bokmål, og har vore det sidan. «Byen» hadde fire hotell og fire bakarar.

Krakk og konkurs

I 1920 kom krakket, som m.a. førde til at Ulvesund Kreditbank gjekk konkurs. Det same gjorde mange av dei største fiskeeksportørane. Båt og bruk og anna utstyr kjøpt i dyrtida under 1. verdskrig, forsterka krisa. Botnåret var 1927. Krisa i Måløy var ein av hovudgrunnane til at Ålfotselskapet (sjå Ålfotsaka) kom i store vanskar, og gjeldskrisa derfrå forplanta seg til heile fylket. I Noreg generelt førde den såkalla paripolitikken og deflasjonslinja for å halde oppe tilliten til den norske krona, til at prisane vart nedover, og det skapte store vanskar og massekonkursar i norsk næringsliv i 1920-åra. Paripolitikken vart avslutta i 1928.

Pigghåfiske

Frå 1928 tok sildefisket seg kraftig opp (sjå: Landnotfisket i Solund), men i Vågsøy satsa ein på 1930-talet også på fiske av håbrann og pigghå, eit fiskeslag som vart berginga for Måløy også etter «sildekrakket» kring 1960. Pigghå-flåten fiska for det meste langs norskekysten på 1930-talet, men så tidleg som 1926 gjorde Måløybåten «Valder» første pigghåtur til Shetland. Pigghå var både i mellomkrigstida og seinare eit reint eksportprodukt, med Storbritannia som viktigaste marknad.

Sogn og Fjordane Fiskesalslag

vart skipa i 1947 med hovudkontor i Måløy. Det er eigd av fiskarane sine organisasjonar, og administrerer sal av fiskefangstane frå fiskar til fiskemottak. Samvirketanken stod sterkt blant fiskarane på 1950-talet, og gjennom dotterselskapet AS Fiskeforsyning dreiv dei mottaks- og kjølelager på Raudeberg (1955), Bulandet (1956), Bremanger (1958), Stadlandet Kjøleanlegg (1960), og eit anlegg i Solund (1969). Anlegga gjekk dårleg, og det første som vart lagt ned var på Stadlandet 1962.
Anlegget på Raudeberg vart i 1971 ein del av Domstein-konsernet. To andre apropos til ”samvirketanken” på 1950-talet: Fiskarane dreiv frå 1947 til konkurs 1952 eigen slipp for vedlikehald av fiskebåtar i Stongfjorden (Stongfjordanleggene AS med 80-90 tilsette). Sildefiskernes Salslag bygde og dreiv m.a. den store sildoljefabrikken i Gunnhildvågen i Florø frå 1953, og Noregs Sildesalslag var deleigar i den flytande sildeoljefabrikken ”Clupea” (sjå Clupeahamn, Bremanger kommune).
Frå 1995 vart Sogn og Fjordane Fiskesalslag samanslege med fiskesalslaget i Hordaland til Vest-Norges Fiskesalslag – framleis med hovudsete i Måløy.

Fiskebåtane sto som sild i tønne ved Måløy hamn i "sildeåra".

Sildeeventyret på 1950-talet

Det store sildeeventyret på Vestlandet – med Måløy og Florø som senter – starta i 1947. Totalt samla vintersildfisket kring 27.000 fiskarar i dei beste sesongane. Både i Måløy og Florø rekna ein med at det samla seg 1000 fiskebåtar, og opptil 10.000 fiskarar. I tillegg gav sildesesongen arbeid til tusentals personar på buder og i lossegjengar. Toppåret var 1956, då samla kvantum kom opp i 12,3 mill. hektoliter. Av dette vart 6,4 mill. hektoliter landa i Sogn og Fjordane. På hamna i Måløy låg ”Betelskipet” Elieser 5 med sjukestove og andaktsrom og tok skuleklassar på dagsturar ut på fiskefelta. I desse åra vart Kvalheim og Co. den største og leiande fiskeverksemda i Måløy, ved sida av Måløy Sildoljefabrikk A/S.

Dobla folketal i Måløy

Folketalet i Måløy vart i desse åra meir enn dobla. Store fiskebuder og fryseri i betong vart bygde langs heile stranda frå Gotteberg til Sæternes, og slippar og forretningsfolk opplevde ein gullalder. På nytt tok måløyværingane opp spørsmålet om bystatus utan å lukkast. Det vart heller ikkje noko av planen om eigen flyplass ved Skramsvatnet, og spørsmålet om fastlandssamband enda med ein årelang strid om bru
eller tunnel. Brua kom først i 1973. Ein viktig milepæl for Måløy i handelen med utlandet var då Måløy vart eigen tollstad midt på 1950-talet.

Sildeåra skapte vekst på Raudeberg

På Raudeberg var sildeåra på 1950-talet også ei blømingstid, men likevel ikkje i same omfang som i Måløy. I 1955 bygde Sogn og Fjordane Fiskesalslag eitt av sine største mottaksanlegg og fryseri på Raudeberg. Elles satsa mange næringsdrivande på Raudeberg på klippfisk- og tørrfiskproduksjon. Ei tid hadde bygda 10 elektriske tørkeverk for klippfisk. (sjå elles Sogn og Fjordane Fiskesalslag og deira utbyggjing av anlegg, m.a. på Raudeberg).
I Vågsvåg bygde eigar av handelsstaden Vågsberget , skipsreiar Johan Horn (sjå Jacob Kjøde) ut eit stort mottak og fiskemjølfabrikk i desse åra. Anlegget hadde opptil 100 tilsette.

Sildeeventyret slutt

I 1958 svikta vintersilda, og ”sildeeventyret” var slutt. Då storsilda svikta, fekk sildoljeindustrien råstoff frå sildefisket på Island, og frå midten på 1960-talet frå det nye snurpefisket etter sild og makrell i Nordsjøen. Ringnotbåtane vart då utstyrte med den nye innhalingsvinsjen kraftblokk. Det uvande utstyret på relativt små snurpebåtar førde til at fleire fiskebåtar m.a. frå Vågsøy kantra og forliste under dette kraftblokk-fisket.

Pigghåen bærebjelken

Men for fiskeflåten i Vågsøy vart det først og fremst pigghåfisket på dei norske bankane og ved Shetland som berga både dei og fiskeindustrien i Måløy då storsilda svikta kring 1960. Frå Måløy hadde det vore drive eit omfattande pigghåfiske heilt frå 1920-talet også, men frå 1960-talet gjekk det føre seg i fjernare farvatn.
Fisket gjekk sesongvis også føre seg i Skagerrak og Oslofjorden, men frå midten av 1960-talet i hovudsak kring Shetland, Orknøyane, Hebridane og Rock All. Hovudmarknaden for pigghå var no som i mellomkrigsåra Storbritannia. Måløy-flåten fiska sesongvis også rundfisk (lange og brosme)på dei same bankane. Banklinebåtane fekk på denne tida innebygde egnehus bak, og halvt dekksoverbygg framme.

11 sekund pr. pigghå

I Måløy gav pigghå-skinning sesongarbeid til mange hundre menneske frå heile Ytre Nordfjord. Sesongarbeidet høvde m.a. godt for bøndene. Akkord-arbeidet gjekk lynraskt unna: I eit Noregsmeisterskap i pigghåskinning i 1981 skinna Kjell Elde frå Måløy 100 fiskar på 18 min. og 27 sekund – d.v.s. 11 sekund pr. pigghå! Elde kunne flå skinnet av 2800 pigghåar pr. dag! Jon Skaar jr. i Skaar & Co og Knut Domstein i R. Domstein A/S stod sentralt i den omleggjinga som Måløy-industrien gjorde frå starten av ”pigghå-epoken” på 1960-talet - gjennom omleggjinga til sild- og makrell frå Nordsjøen og klippfisk som hovudprodukt frå 1970-talet - og inn i glanstida for laksenæringa, som starta for alvor på 1980-talet.
I stordomstida for pigghåfisket på 1960-1970-talet, vart det bygd ei rad avanserte fryseanlegg i Måløy som heldt temperaturar på minus 30-40 grader celsius. Då Japan opna seg som ein stor marknad for makrell kring 1980, vart desse fryseria Måløys store konkurransefortrinn: Ingen i Noreg kunne tilby tilsvarande frysekvalitet på makrellen som Måløy-bedriftene.

Frå sesongdrift til heilårsdrift

Fram til 1980-talet var fiskeindustrien i Måløy i stor mon basert på fiskeråstoff med store sesongsvingingar i leveransane: Sild, makrell, rundfisk, lodde o.s.b. I lange bolkar av året var det minimal aktivitet på mange anlegg. Frå 1980-talet og framover har difor Måløy-industrien satsa målmedvite på ei sterkt variert drift gjennom heile året, basert på jamn råstofftilgang frå oppdrett og fiske i Nordsjøen og fjerne farvatn som Barentshavet og kring Svalbard. Strategien er å sikre kundane jamn tilførsel av alle typar fiskeprodukt gjennom heile året.

Ved tusenårsskiftet var fiskeindustrien i Måløy dominert av to av dei største fiskerikonserna i verda: Pan Fish, bygd opp av Bryggja-mannen Arne Nore, og Domstein-konsernet, med hovudsete i Måløy. På litt ulikt vis, baserte begge seg på å vere såkalla ”full-integrerte selskap” – d.v.s. at dei ville kontrollere heile prosessen frå fiskebåt og fórproduksjon, til foredling- og salsledd i verdsomspennande kjedar.

Nytta heile fisken

I motsetnad til mange andre, har det heilt sidan tidleg 1900-tal vore ein styrke for Måløy-samfunnet at det er bygd produksjonsanlegg som kunne nytte seg av heile fisken, ikkje berre fiskekjøtet: Trandamperi og formjølfabrikkar vegg i vegg med filetfabrikkane har teke seg av ”avfalls-produkta”.



MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no