|
Kjennemerket til Linge-karane. |
Nokre dagar før Måløyraidet var eit tilsvarande raid i gang mot Florø, men aksjonen vart av ukjende grunnar avbroten (sjå "
Krigshistoria i Flora").
Mange britiske skip og fly
I angrepsstyrken mot Måløy deltok kryssaren ”Kenya” som flaggskip, jagarane ”Onslow”, ”Oribi”, ”Offa” og ”Chiddingfold”, samt troppeskipa ”Prince Charles” og ”Prince Leopold”. Angrepet hadde sterk flystøtte.
Bombing
Soldatane vart sette i land frå Holvik og Halnes, og rykte inn mot Måløy frå sørsida, medan dei tyske forta vart bomba frå krigsskip og fly. Festningane på Moldøen og kring Måløysundet vart tekne av allierte soldatar. Store sjøbuer, ein sildoljefabrikk, ein hermetikkfabrikk og fleire bustadhus vart sette i brann. To tyske handelsskip og vaktbåten ”Phönix” vart bomba.
Linge fall
|
Martin Linge. |
Raidet starta ved 9-tida om morgonen og var avslutta ved 3-tida på ettermiddagen. Angrepsstyrken var på 576 soldatar, derav 43 mann frå Kompani Linge med kaptein
Martin Linge i spissen. Ein reknar med at tyskarane hadde kring 300 soldatar til å møte angrepet. Under storminga av det tyske hovudkvarteret på Ulvesund Hotell, vart kaptein Linge skoten og fall. Ingen sivile i Måløy vart drepne under åtaket.
|
Harald Risnes var Linge sin nestkommanderande under Måløy-raidet. |
På alliert side fall 15 menige og 2 britiske offiserer. 58 britar vart såra. Av dei norske fall kaptein
Martin Linge, og to Linge-karar vart såra. Tyskarane hadde 150 falne. På Hjertenes fyr vart fyrassistent Ragnvald Torheim drepen av splintar etter bombing av fyret under Måløy-raidet. Både Måløy Sildoljefabrikk i Deknepollen og Nordfjord Preserving på Sæternes vart sprengde av dei allierte styrkane. Fleire store sjøbuder, m.a. den store Skaarbuda på Sæternes, brann ned. Det same gjorde Hagens Hotell og Ulvesund Hotell. Då dei allierte trekte seg tilbake, fylgde 77 sivile frå Måløy med til Shetland. Ein av desse var NS-ordførar
Johan Gotteberg.98 tyske soldatar og fire norske nazistar vart tekne med som fangar.
Tyskarane arresterte over 15 personar etter raidet – slektningar til dei som hadde fare til Shetland. Mange frykta strenge represalier, men dei fleste vart sleppte fri etter kort tid. August M. Saltkjel døydde under fangenskapet på Grini av sjukdom.
Etter Måløy-raidet bygde tyskarane nokre av sine sterkaste festningsanlegg på Norskekysten langs skipsleia ved Måløy.
|
Tyske soldatar er tekne til fange under Måløyraidet. (Foto © Fylkesarkivet) |
Minnesmerke
Eit minnesmerke over Martin Linge (laga av Ståle Kyllingstad) vart avduka av kong Olav V i 1965. Det står like ved Måløybrua, omlag på den staden der Linge vart skoten
under storminga av Ulvesund Hotell i jula 1941.
Eit minnesmerke over dei falne allierte soldatane vart avduka i 1967 av kong Olav V. I nokre år stod dette momumentet ved ungdomsskulen før det vart flytta til minneparken på Moldøen.
|
Minnesmerket over Måløyraidet i Minneparken på Moldøen. Foto: Arild Nybø |