Hovedside:
·
Kjende personar i Vågsøy
Peder Pederson Tonning
(1738–1811), son av den mektige handelsmannen
Peder Pederson Tonning i Stryn. Overtok handelsstaden Vågsberget i 1777. Peder Pederson Tonning bygde det staselege hovudhuset på Vågsberget, og fleire av sjøbuene som framleis står.
frå Nordfjordeid (1780-1858), industribyggar og politikar.
(1784–1867) frå Trollebø. Fiskarbonde og redningshelt.
(1796–1857). Frå Valderøya på Sunnmøre. Eigde og dreiv Handelsstaden Osmundsvåg.
Dankert Wiese
(1810–1872) var eigar av handelsstaden Osmundsvåg frå 1835, og overlet staden til sonen Chr. Bonny Uchermann Wiese, som dreiv handelsstaden til 1890. Wieseslekta var den sterkaste handelsætta i omlag 60 år i Nordfjord, med kontroll over handelsstadane Gjerde i Eid, Dombestein og Rugsund i Bremanger, og Osmundsvåg og Vågsberget i Vågsøy.
(1818–1890). Frå Flekkefjord, busett på Sæternes i Måløy. Lege og politikar.
(1819–1882) Lensmann i Selje, med bustad på Trollebø ved Måløy 1852-1883.
(1825–1889) frå Bergen, busett på Bryggja og i Lærdal. Postførar.
Rasmus D. Halvorsen
(1844-1932), fødd på Tippa i Eid. Dreiv stort som handelsmann i Stårheimsvik, og frå 1869 med fiskehandel, damskipskai,
post, telefon, losjihus og handel i Vågsvåg.
Arnoldus Lem
(1847–1924). Lensmann i Davik med bustad på Maurstad, der ”Lem-huset” framleis står. Vart medeigar av handelsstaden Vågsberget 1885. Fekk 12 born, og mellom dei vart Einar (f. 1890) og Arnoldus (f. 1883) forretningsmenn i Måløy (sjå
Handelsstaden Moldøen).
Nils Landmark Lem
(1849–1921) kjøpte i 1902
Handelsstaden Moldøen av Henrik Friis. Flytta seinare til Sogndal. Far til
Audun Lem.
(1850–1906) frå Trondheim, busett i Måløy og Levanger. Distriktslege og politikar.
(1858–1918) fødd i Davik. Starta i 1883 handel i Barmen i Selje, frå 1886 på Raudeberg.
(1860–1934). Gründer og forretningsmann. Rekna som "grunnleggjaren" av Måløy som handelsstad.
(1861–1952) Fødd på Sunde i Jølster, var ein av dei første som starta handel på Skram i noverande Måløy sentrum kring 1888.
(1862–1952) frå Lefdal i noverande Eid kommune. Skipa Lefdals Fiskeriselskab.
Ola Mathias H. Maurstad
(1869–1934) frå Bryggja. Lærar og politikar som busette seg i Arendal, der han m.a. var bystyremedlem i 21 år, og formann i Aust-Agder Arbeiderparti i 14 år. Vararepr. på Stortinget 1924-1927.
Johan Nybakk
(1870–1944) frå Raudeberg. Fiskar og gardbrukar. Var passasjer på fylkesbåten D/S ”Framnæs” og omkom då skipet vart bomba ved Kjelkenes i Bremanger kommune den 8. november 1944. – Les meir under
Krigshistoria i Bremanger.
(1871–1967) frå Bryggja. Ein av pionérane i norsk pelsdyroppdrett.
(1871-1949) frå Bryggja starta 1892 som første dampskips-ekspeditør på Nordfjordeid.
(1871-1944). Frå Lefdal i noverande Eid kommune. Bonde, forretningsmann og politikar.
John Brunvold
(1874–1952) frå Harøya i Møre og Romsdal. Grunnla 1904 den første større slippen i Nordfjord – Brunvolds Mek. Verksted, som var i drift til ca. 1980.
|
Olav D. Refvik |
Olaf Didriksson Refvik
(1875-1933) frå Refvik. Lensmann frå 1917. Første ordførar i Nord-Vågsøy 1910-1917, og 1926-1929. Dreiv også fiskehandel og landhandel i Refvik. Vararepr. for Høgre på Stortinget 1931-1933, og møtte på Stortinget 1932.
(1876–1964) fødd i Stryn. Grunnleggjar av Skaar & Co.
(1876–1955) frå Måløy. Handelsmann og fiskebåtreiar.
(1877–1962) ingeniør. Bygde og dreiv første elektrisitetsverket i Måløy 1910 (motordrive) til 1914.
(1877-1949) frå Kvalheim, busett i Volda. Lærar, biletkunstnar og lokalhistorikar.
(1878-1921) slo seg stort opp som fiskehandlar og -reiar i Måløy i ”gullåra” kring 1. verdskrig.
(1878–1956). Ingeniør fødd i Trondheim. Grunnla 1911 Moldøens Mek. Verksted med slipp i Måløy sentrum.
Hans Søreide
(1878–1963) fødd i Solund, busett i m.a. Måløy og Ålesund. Industribyggjar, hermetikkfabrikant og politikar. Sjå
Hans Søreide under Solund kommune.
(1878–1971) frå Bodø, busett i Måløy. Jurist, banksjef og Høgre- politikar.