SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kjende personar i Vågsøy fødde år 1880-1940

Omtalene er ordna etter fødselsår:

Publisert 07.01.2002 15:02. Oppdatert 07.12.2006 10:53.
Førre side:
· Kjende personar i Vågsøy fødde år 1700-1880

Anton Lien

(1882–1965) fødd i Vanylven. Grunnla 1910 Moldøen Canning Co. saman med Hans Søreide.

Einar Strand

(1883–1956). Distriktslege og skogplantingspionér.

Lauritz Kvalheim

(1883–1940) frå Kvalheim. Maskinist og krigsseglar. Omkom 22. april 1940 då skipet han mønstra på vart sprengt av miner ved The Downs på veg frå Tyne til Rouen.

Jacob Kjøde

frå Bergen, grunnla i 1928 eit stort fiskerianlegg på Vågsberget.

Johan Horn

- sjå Handelsstaden Vågsberget.

Simon A. Vedvik

frå Vedvik omkom under invasjonen i Normandie (D-dagen) 6. juni 1944.

Halfdan Lem

(1885-1969) frå Bryggja, busett i Amerika. Forretningsmann og gartnar.

Rasmus Domstein

(1885-1972) frå Dombestein ved Davik.

Johan N. Blaalid

(1885-1950) frå Måløy. Rutebåteigar og fiskebåtreiar.

August Saltkjel

(1886-1942) frå Saltkjel. Fiskar og gardbrukar. Vart 23. desember 1941 teken som gissel av tyskarane etter Måløyraidet fordi ein av sønene han rømde til England. Saltkjel sat som fange på Grini då han vart sjuk, og døydde 7. mai 1942.

Gabriel Bruvoll

(1887-1967) frå Olden, busett i Måløy. Sakførar, redaktør og politikar.

Audun Lem

(1888-1980). Fødd i Sogndal. Grunnla Firda Canning Co. i 1916.

Johan Kvalheim

(1888-1969) frå Kvalheim, busett i Måløy. Grunnla i 1922 fiskeriverskemda Kvalheim & Co. i Måløy saman med brørne Isak og Ulrik Kvalheim (sjå desse).

Johan Gotteberg

(1891–1953) frå Trollebø, busett i Måløy. Industrieigar.

Gerhard Voldnes

(1892–1976) frå Leikong på Sunnmøre, busett i Fosnavåg. Fabrikkeigar og fiskebåtreiar.

Isak Kvalheim

(1892-1957) frå Kvalheim, busett i Måløy. Grunnla i 1922 fiskeriverksemda Kvalheim & Co. i Måløy saman med brørne Johan og Ulrik Kvalheim (sjå neste).

Ulrik Kvalheim

(1894-1966) frå Kvalheim, busett i Måløy. Grunnla i 1922 fiskeriverksemda Kvalheim & Co. i Måløy saman med brørne Isak og Johan Kvalheim (sjå over).

Gustav Blålid

(1893–1978) frå Blålid. Grunnla Blaalid Slip og Mek. Verksted på Raudeberg 1922. Verksemda har vore drive i familien sidan.

Martin Linge

(1894–1941) fødd på Linge på Sunnmøre. Skodespelar og offiser.

Marius Larsen

(1895-1977). Telegrafstyrar og politikar, Høgre.

Oskar Peder Elias Ramsevik

(1896–1944). Fiskar og småbrukar. Omkom den 9. desember 1944 då D/S ”Havda” vart bomba av fly ved Lutelandet mellom Askvoll og Solund. – Sjå Krigshistoria i Askvoll.

Alfred Maurstad

(1896–1967) frå Bryggja. Skodespelar og meisterspelemann. Ein av dei fremste norske scenekunstnarane i det 20. hundreåret.

Simon Andreas Vedvik

(1901–1944) frå Vågsøy. Marineoffiser. Tenestegjorde under 2. verdskrig på ubåten ”B2” og seinare på jagaren ”Svenner”. Omkom då skipet gjekk ned under den allierte landgangen i Normandie på D-dagen 6. juni 1944.

Bernhard Samson Skavøypold

(1904–1942) frå Vågsøy. Skipsførar. Omkom då M/S ”Store Bill” vart bomba av russiske fly på hamna i Honningsvåg i Finnmark den 19. juli 1942. – Sjå også Torleif Emil Johnsen, Herloff Strand og Sigurd Ytrebø.

Olav Reksnes

(1905–1943) frå Halsøyr. Maskinist og krigsseglar. Utdanna maskinist og hadde teke elektroteknisk tilleggskurs. Omkom då D/S ”Bonde” vart torpedert på veg frå Swansea til Canada den 5. mai 1943.

Sverre Skibenes

(1906–2000) frå Måløy. Forretningsmann i firmaet Skibenes & Søn.

Peder Andreas Midtgård

(1909-1942) frå Måløy. Sjømann og krigsseglar. Omkom 13.oktober då D/S ”Senta” kom bort under konvoifart frå Halifax til Belfast.

Sigurd Ytrebø

(1909–1942) fødd i Davik. busett i Vågsøy. Maskinist. Omkom då M/K ”Store Bill” vart bomba av russiske fly på hamna i Honningsvåg den 19. juli 1942. – Sjå også Torleif Emil Johnsen, Bernhard Samson Skavøypold og Herloff Strand.

(Kornelius) Ragnar Solheim

(1910–1998) frå Vetvik, busett i Måløy. Tannlege og motstandsmann under 2. verdskrig. – Sjå Kornelius Ragnar Solheim, Bremanger kommune.

Leif Iversen

(1911-1989) frå Raudeberg. Likningssjef og politikar.

Erling Solheim

(1911-1973) frå Bryggja. Teiknar.

Ragnvald Torheim

(1912–1941) fødd i Davik, busett i Vågsøy. Fiskeskipper og fyrassistent. Fyrassistent frå Hjertenes fyr. Vart drepen under Måløyraidet den 27. desember 1941 då allierte soldatar gjekk til åtak på ei gruppe tyske soldatar på garden Tvendeseter mellom Hjertenes og Hagevik. Torheim var det einaste sivile krigsofferet under sjølve Måløyraidet.

Otto Sigvald Tytingvåg

(1912–1941) fødd i Kinn, busett i Vågsøy. Matros og krigsseglar. Omkom då D/S ”Bold Venture” krigsforliste 18. oktober 1941.

Sigvald Kleivedal

(1913–1943) frå Vågsøy. Sjømann og krigsseglar. Reiste som svært ung til sjøs, og omkom den 5. mai 1942 då D/S ”Fingal” vart torpedert i Det tasmanske hav på veg frå Sydney til Salomonøyane.

Kristoffer Iverson Kleive

(1913–2005) frå Kalvåg, busett i Skien. Musikar og organist.

Reidar Verlo

(1913-1971), fødd i Utvik. Grunnleggjar av Verlo AS i 1936. Kjøpte anlegget til konkursråka Moldøens Mek. Verksted (sjå Fabrikkar og verkstader i Vågsøy) og bygde slipp og vedlikehaldsverkstad vidare ut. Dreiv sidan verksemda saman med brørne Alf (f. 1910) og Magnus (1919 1998).

Irene Annie Strand

(1916–1943) frå Måløy. Husmor. Omkom då hurtigruteskipet D/S ”Sanct Svithun” vart bomba ved Buholmen på Stad den 30. september 1943 av allierte fly. – Sjå Krigshistoria i Selje.

Adelstein Gangsø

(1917–1943) frå Måløy. Fiskar og marinegast. Tok kystskipparskule og rekneskapskurs. Drog 23. mars 1941 til England og tok teneste i den norske marinen, der han gjorde teneste på MTB. Omkom ved ei minesprening i Lerwick på Shetland 15. april 1943.

Torleif Emil Johnsen

(1917–1942) frå Vågsøy. Stuert og krigsseglar. Var kokk på den norske jagaren ”Troll” ved krigsutbrotet i april 1940. Arbeidde som stuert på M/K ”Store Bill” og omkom då skipet vart bomba av russiske fly på hamna i Honningsvåg i Finnmark 19. juli 1942. – Sjå også Bernhard Samson Skavøypold, Herloff Strand og Sigurd Ytrebø.

Arthur Henry Torheim

(1918–1943) frå Raudeberg. Marinegast. Var mannskap på ubåten ”Ula” under 2. verdskrig og omkom i ei drukningsulukke i Dundee i Skottland den 3. desember 1943.

Sverre Silden

f. 1918. Fiskar frå Silda. I Shetlandsgjengen og Kompani Linge under 2. verdskrig. Deltok m.a. i Måløyraidet 1941, og invasjonen i Normandie 1944.

Odd Solheim

(1919–1944) frå Vågsøy. Omkom då hurtigruteskipet D/S ”Irma” ved eit mistak vart torpedert av norske MTB-ar på Hustadvika den 13. februar 1944. – Sjå også Garman Bertin Holte.

Jakob Rolf Solvik

(1919–1940) frå Vågsøy. Marinesoldat. Var skyttar ombord på panserskipet ”Norge”, og omkom då skipet vart torpedert og senka ved Narvik den 9.april 1940.

Herloff Strand

(1919–1942) fødd i Borgund, busett i Vågsøy. Maskinist. Omkom då M/K ”Store Bill” vart bomba av russiske fly på hamna i Honningsvåg i Finnmark den 19. juli 1942. – Sjå også Torleif Emil Johnsen, Bernhard Samson Skavøypold og Sigvald Ytrebø.

Paul Margido Eide

(1920–1941) fødd i Kristiansund, busett i Vågsøy. Hermetikkarbeidar og sjømann. Var fyrbøtar på D/S ”Bjørnungen” som vart torpedert 6. oktober 1941 mellom Kirkenes og Honningsvåg i Finnmark. Alle ombord omkom. – Sjå også Evald Gangsø.

Evald Gangsø

(1920–1941) frå Måløy. Styrmann. Tok styrmannsskule og skuleskipskurs og var matros på D/S ”Bjørnungen” då den vart torpedert mellom Kirkenes og Honningsvåg i Finnmark den 6. oktober 1941. – Sjå også Paul Margido Eide.

Alf Halnes

(1920–1942) frå Halnes. Sjømann og krigsseglar. Rømde til England under Måløyraidet 1941 og tok teneste i handelsflåten. Omkom den 28. desember 1942 då D/S ”Norse King” vart torpedert i Nord-Atlanteren.

Anders Paul Vedvik

(1920–1941) fødd i Selje, busett i Vågsøy. Fiskar og krigsseglar. Vart hausten 1941 innkalla til tysk arbeidsteneste og rømde difor til England der han fekk hyre på D/S ”Annavore”. Omkom då skipet vart torpedert i Atlanterhavet den 21. desember 1941.

Otto Hoddevik

(1920–1988) frå Måløy. Forretningsmann og politikar.

Hans Haltlid Aardal

(1921-1995) frå Måløy, busett i Lærdal og Sogndal. Lærar og Høgre-politikar.

Garman Bertin Holte

(1922–1944) fødd i Fana, busett i Vågsøy. Matros. Mønstra på hurtigruteskipet D/S ”Irma” 13. februar 1944, same dag som skipet ved eit mistak vart torpedert av norske MTB-ar på Hustadvika. Holte omkom. – Sjå også Odd Solheim.

Einar Skavøy

(1922–1942) frå Vågsøy. Fyrbøtar og krigsseglar. Omkom då D/S ”Lindvangen” vart torpedert på veg frå Paramaribo til Trinidad den 23. september 1942.

John Lillestøl.

John Lillestøl

(1926-2003), frå Raudeberg. Lærar og politikar for Kristeleg Folkeparti.

Jon Skaar jr.

f. 1926 frå Måløy. Siviløkonom og fiskeeeksportør.

Per Gunnar Larsen

(1926-1994). Journalist og redaktør.

Knut Domstein

(1929–1988), fisketilvirkar frå Måløy. Starta veksten til det som no er kjent som Domstein-konsernet.

Arne Torskangerpoll

f. 1931 i Torskangerpoll. Korpsdirgent og komponist.

Arnulf Midtgaard

(1933-2003), frå Måløy, busett i Trondheim. Generalsekretær og bankdirektør.

Solveig Blindheim Berge

f. 1935 på Vigra. Busett i Måløy. Forfattar av barnebok (Samlaget 1980) og novellesamling (Samlaget 1986).

Sylvi Lem

f. 1936 i Ålesund, busett i Måløy. Forretningskvinne og Høgrepolitikar.

Magne Føleide

f. 1937 i Måløy, busett i Florø. Lærar og friidrettsutøvar.

Per Indrehus

(1937 – 2004) frå Hovden, busett på Bulken i Voss. Musikklærar og komponist. Hadde ein del av oppveksten i Måløy.

Bjørn Nygård

f. 1938 i Deknepollen. General i Hæren. Var forsvarsattachè i Washington, før han i 1999 fungerte som stabssjef for FN-administrasjonen i Kosovo.

Magne Sætren

f. 1939 på Silda. Fiskar og redningsskøyteskipper.

Jon Tolaas

f. 1939 i Måløy. Forfattar. Cand. philol. og lektor ved Eid vidaregåande skule.

Neste side:
· Kjende personar i Vågsøy
Førre side:
· Kjende personar i Vågsøy fødde år 1700-1880


MEIR OM VÅGSØY 
Vågsøy kommune

 
Aviser og media i Vågsøy
Historia i Vågsøy
Industri og næring i Vågsøy
Kjende personar i Vågsøy
Kommunehistoria i Vågsøy
Krigshistoria i Vågsøy
Kyrkjer i Vågsøy
Samferdsle i Vågsøy
Skular i Vågsøy
Verd å sjå i Vågsøy

 
Lyd frå Vågsøy
Video frå Vågsøy
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no