|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Samferdsle i Vågsøy: Måløybrua | Måløybrua var lengste brua i landet då den vart opna i 1974. (Foto: NRK) |
Måløybrua vart opna 1974 av Kong Olav V, men vart uoffisielt teken i bruk like før jul i 1973. Brua var til den tid Noregs lengste, med 34 spenn og total lengde på 1.224 meter, og var det andre bompengefinansierte vegprosjektet i Sogn og Fjordane etter Loftesnesbrua i Sogndal. Publisert 07.01.2002 14:32. Oppdatert 15.12.2006 11:42.LYD OG VIDEO
| Brua har 34 spenn. |
Tidlegare ordførar i Nord-Vågsøy og fylkesordførar Leif Iversen la som leiar i bruselskapet ned eit stort arbeid i prosjektet.
Lang strid om bruaFør bygginga starta, hadde vågsøyværingane hatt ein årelang strid om fastlandssambandet for Måløy skulle løysast med tunnel under, eller bru over Måløy-straumen. Striden førde m.a. til at bru-tilhengarane stilte eiga ”bruliste”, og fekk inn representantar i kommunestyret (sjå " Kommunehistoria i Vågsøy").
| Kong Olav opnar Måløybrua 11. juni 1974. Foto: Fjordenes Tidende |
BompengesuksessSom bompengeprosjekt vart Måløybrua ein suksess: Den vart nedbetalt langt tidlegare enn ein hadde rekna med. Overskotet etter bompengeselskapet vart i 2003 nytta til å gje ut boka ”Måløy – Brua og byen” av Ottar Starheim og Terje Sølvberg, og overskotet av boksalet – omlag 400.000 kroner – vart gjeve til den lokale Frelsesarméen i Måløy.
Tavla på biletet til høgre syner bilistane vindstyrken på brua. Måløybrua er bygt for å tole vind på opptil 75 m/sek.
Sjå elles arikkelen Riksveg 15 Måløy-Nordfjordeid.
| Brua går over Ulvesundet. (Foto: NRK) |
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|