To av dei største eigedomane på Vestlandet ligg i Lærdal kommune: Frønningen-godset med 65.000 dekar, og Rikheim på Ljøsne med 500 dekar innmark og 62.000 dekar utmark og fjellvidde. Begge er eigde av slekta Rumohr.
Rikheim var bustad for adelsfolk alt på 1200-talet, og hadde eiga kyrkje. Tidleg på 1600-talet fekk den illgjetne futen
Gjøde Pedersen på Kaupanger hand om Rikheim. Etter at Pedersen drog tilbake til Danmark, var Rikheim ei tid eigd av admiral og dansk adelsmann Axel Mowatt.
Etter han gjekk godset gjennom fleire eigarar til det i 1665 vart kjøpt av Claus Pedersøn Rumohr. Han kom frå Bergen og starta gjestgiveri på Lærdalsøyri før han kjøpte gard. Seinare vart han også handelsmann.
Sidan kjøpet i 1665 har Rikheim vore hovudsete for den kjende Rumohr-slekta i Sogn. Rumohr-slekta kjem opphaveleg frå Slesvig-Holstein. Eigarane auka stadig jordviddene både kring Rikheim og elles i dalen, og i 1723 vert det nemnt at Rikheim har 6 hestar, 80 storfe og 80 sauer. Rumohr-slekta vart gifta inn i andre rikmannsfamilier i Sogn som Thiis Nagel, Munthe, Lem og Leganger.
Slektsbanda mot Frønningen-godset
Både Claus von Munthe av Morgenstierne Rumohr og kona Marie Sofie Christensen f. Lem døydde i 1831 då odelsguten Jan berre var 13 år gamal. Han vart oppfostra i Bergen og fekk militærutdanning. Då han var vaksen, overtok han i 1844 Rikheim. Han vart også kaptein og seinare sjef for Lærdalskompaniet. Jan Rumohr fann både første og andre kona si i Lem-slekta på godset
Frønningen, og i 1869 overtok han Frønningen etter svogeren Hans Lem då denne døydde barnlaus. Den første tida sette han eldstesonen Claus Søfren Rumohr til styrar på Frønningen, men då Claus overtok på Rikheim i 1889, vart det broren Bjarnhard Rumohr som vart eigar av Frønningen-godset. Bjarnhard er bestefar til den kjende kunstnaren
Knut Rumohr.